Hopp til innhold

Politiadvokat: – Eg tør ikkje svare på kor mange, det blir fleire og fleire i denne saka

Ein mann i 50-åra frå Austlandet er fengsla i åtte veker. Politiet fryktar han kan vere ein serieovergripar. Så langt meiner dei å ha avdekt overgrep mot mot fem unge jenter.

Politiadvokat Inger Beth Fosse

OMFATTANDE: Politiadvokat Inger Beth Fosse fortel at politiet mistenker at mannen kan stå bak overgrep mot minst fem jenter.

Foto: NRK

NRK kjenner til at politiet i Sogn og Fjordane no jobbar intenst med kome til botn i det som kan vere ei omfattande overgrepssak mot barn og unge frå fleire stadar.

– Etterforskinga har ført oss til fleire fornærma andre stadar i Noreg. Eg tør ikkje svare på kor mange, det blir fleire og fleire i denne saka, seier politiadvokat Inger Beth Fosse ved Vest politidistrikt til NRK Sogn og Fjordane.

Til no meiner politiet å ha avdekka overgrep mot minst fem jenter.

Det var i november i fjor at mannen i 50-åra vart pågripen og fengsla på Austlandet. Han vart sikta for seksuell omgang med ei jente under 14 år. Saka skal ha vore meldt til politiet i juni 2018.

Chat mellom dei to gir mistanke om at det har vore kontakt mellom dei ei god stund før jenta fylte 14 år.

Mannen avviser på det sterkaste å ha handla slik politiet skildrar i siktinga. Han og forsvararen meiner det ikkje er god nok grunn til å mistenkje han for forholda.

Fleire til avhøyr

Den første jenta er frå Sogn og Fjordane og det var politiet i fylket som avdekka det som kan vere ein serieovergripar.

Det første overgrepet skjedde for kring ti år sidan. Forholda mannen er sikta for ligg ni til 15 år tilbake i tid.

– Det er fleire personar inne til avhøyr enn dei fem, men foreløpig veit vi ikkje om dei skal ha status som fornærma eller vitne, seier Fosse.

Mannen vart først varetektsfengsla i Hedmarken tingrett i november. Siktinga vart over nyttår utvida med tre nye forhold og mannen vart fengsla for fire nye veker med brev- og besøkskontroll i Sogn og Fjordane tingrett.

Tysdag vart mannen varetektsfengsla for nye åtte veker i same tingrett. Påtalemakta bad om 12 veker, noko som er uvanleg og krev særlege grunner.

Politiet fryktar at mannen kan øydeleggje bevis eller påverke vitne i saka. Politiet reknar framleis etterforskinga som i startfasen.

Var samfunnsstøtte

Etterforskinga held fram for fullt med avhøyr og analysar av elektroniske spor. Politiet har beslaglagt alt av elektronisk utstyr som mannen har hatt.

– Kripos er kopla inn og det blir gjort avhøyr og etterforsking i fleire andre politidistrikt, seier Fosse.

Mannen i 50-åra har vore tillitsvald på lokalnivå og fylkesnivå i ein landsdekkande organisasjon. Han har eit yrke som gjer at han kan ha reist over store delar av Noreg.

Politiet kan ikkje seie om overgrepa kan ha skjedd i samband med verva eller jobben.