Politiet må nedprioritere kvardagskriminalitet etter svært mange store saker

Det siste halvåret har politiet i Sogn og Fjordane hatt så mange store saker, at dei no må nedprioritere andre saker.

Fire krevjande saker på eitt halvår i Sogn

KREVJANDE: Berre på eitt halvår har politiet i Sogn fått fire store og krevjande saker på bordet.

Foto: Fotomontasje: NRK

Lista over dramatiske saker i politidistriktet har vorte lang dei siste månadane. Sidan august har politiet fått mykje krevjande arbeid. Lista inkluderer brannen i Gudvangatunnelen, bussulukka i Fardal, trippeldrapet i Årdal, og til sist storbrannen i Lærdal.

Dette gjer at det vert mindre tid til andre saker.

– Vi må jo setje av ein del ressursar til Lærdal, sjølvsagt. Det vil få den konsekvensen at andre ting vert liggande på vent. Slik er det berre, seier politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden

– Store saker før kvardagskriminalitet

Iden stadfestar at politiet må flytte på personell og ressursar i samband med desse store sakene. Men han avviser at politiet må velje mellom dei store sakene.

Ronny Iden

TRAVLE TIDER: Mange store saker og mykje merksemd for politiet i Sogn og Fjordane og politimeister Ronny Iden.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Dei store sakene må vi prioritere, alle saman. Slik må det vere, seier Iden.

– Så det er kvardagskriminaliteten de må nedprioritere?

– Ja, men også ein del sokalla kvardagskriminalitet kan ha eit akutt tilsnitt, ved at det er aktive kriminelle som vert arresterte og varetektsfengsla. Vi har eit spenn av saker som vi alltid må ta når dei dukkar opp, seier politimeisteren.

Iden seier dei skal ha fleire tankar i hovudet på same tid, men at ein del saker må nedprioriterast.

– No har vi nettopp fått Lærdalssaka i hendene, og nokre andre saker vil bli eldre. Så får vi sjå korleis vi klarar å ta unna den køen etter kvart. Vi skal prøve å prioritere på ein riktig og fornuftig måte, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gudvangatunnelen

STORE SKADAR: Vogntoget i Gudvangatunnelen var totalskadd etter brannen.

Foto: Veum, Arne / NTB scanpix

Vurderer å søkje om støtte

Alle dei store sakene, i tillegg til saker som politiet må ta etterkvart, legg press på økonomien.

– Det er økonomien som gjer at vi må prioritere, seier Iden.

Han kan ikkje sei kor mykje alle dei store sakene har kosta.

– Dersom det vert veldig store kostnadar, finst det ei ordning som kan gje oss støtte. Når vi får oversikt, vil vi sjå om dette kostar så mykje pengar at vi må presentere rekninga for Politidirektoratet, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Branntomt i Lærdal.

RUINAR: Store delar av Lærdalsøyri ligg i ruinar etter storbrannen i helga.

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Vi skulle hatt fleire ressursar

Iden seier det siste halvåret har vore tøft.

– Veldig mange står enormt godt på, jobbar veldig hardt, og gjer ein betydeleg innsats. Det er klart at dette vert slitsamt i lengda. Men vi er ein profesjonell etat, som skal handtere dette, seier han.

– Har de per no økonomiske ressursar og personalressursar til å takle alt de står ovanfor?

– Vi prøver heile tida å balansere dei ulike oppgåvene i forhold til etterforsking og beredskap. Det er ei kjent sak at vi meiner at vi skulle hatt fleire ressursar enn vi har. Men det er ikkje noko nytt i dag, seier politimeisteren.