POLITIET LEITAR ETTER TO DYKKARAR

Politiet har fått melding om at to dykkarar er i Landrovågen på Sotra. Det var ei kvinne som melde i frå etter at dykkarane hadde vore vekke i over ein halvtime, og kledene deira framleis låg på kaia. Dei to skal vere amatørdykkarar, og ikkje spesielt erfarne, opplyser politiet. Melding kom like før halv fem, og naudetetane er på veg til staden.