Hopp til innhold

Politiet leitar etter fleire offer for TikTok-overgrep

Den unge mannen skal ha brukt den populære videoappen TikTok til å få mindreårige gutar til å utføre seksuelle handlingar med seg sjølve.

Illustrasjonsfoto: Apper

POPULÆR BLANT UNGE: TikTok er ein veldig populær app. Den har om lag 500 millionar brukarar verda over (DataReportal, 2019).

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Den 24 år gamle sogningen blei pågripen av politiet 9. januar i år, sikta for seksuelt krenkande åtferd overfor born under 16 år. Siktinga vart dagen etter utvida til å gjelde valdtekt av born under 14 år. Strafferamma er fengsel i 10 år.

Politiet kjenner førebels til tre fornærma gutar mellom sju og 11 år. Siktinga kan bli utvida til å gjelde fleire barn, fortel politiadvokat Sissel Kleiven.

– Han har bede dei gjere seksuelle handlingar med seg sjølve. Dette har gått over ulike kommunikasjonskanalar, mellom anna Snap og TikTok, seier Kleiven til NRK.

Stengde konto på nett

NRK veit at ein av mannen sine TikTok-kontoar vart stengd i romjula. I ein post i sosiale medium 30. desember i fjor opplyste han å ha kring 15.000 følgjarar.

«Jeg vet ikke hvorfor jeg har blitt bannet», skriv mannen posten. Om stenginga har samanheng med overgrepssaka er ukjent.

Dei tre gutane som skal ha blitt utsett for overgrep bur på Austlandet, og overgrepa skal ikkje pågått over veldig lang tid. Til no er to av gutane avhøyrde. Ein tredje vil bli avhøyrd snart. Det var foreldrene som saman med gutane melde mannen til politiet.

Sperra konto på tiktok.

SPERRA KONTO: TikTok valde å blokkere mannen sin aktive konto på TikTok i romjula.

Foto: Skjermdump

Fengsla i fire veker

Politiet har gjort beslag i mannen sin telefon og anna datautstyr, som dei no vil undersøke nærare.

Mannen er fengsla i fire veker med brev- og besøkskontroll. Politiet fekk fengsla mannen på grunn av fare for gjentaking og av frykt for at han kan øydeleggje bevis.

Sogningen har erkjent straffskuld og samtykka til fengsling.

No vil politiet etterforske breitt vidare for å avdekke om det kan vere fleire offer.

– Vi må absolutt sjå på om det kan vere fleire fornærma i saka, seier Kleiven i Vest politidistrikt.

Mannen sin forsvarar, Lene Knapstad, vil ikkje kommentere saka.