Hopp til innhold

Politiet jaktar ukjend gjerningsmann etter påstått valdtekt

FØRDE (NRK): Politiet har sett i gang full teknisk og taktisk etterforsking etter ein mogleg valdtekt på eit hotell i Førde. Dei jaktar no på ein hittil ukjend gjerningsmann.

Teknisk etterforskar Sunnfjord Hotell

TEKNISK: Ein teknisk etterforskar ved Førde og Naustdal lensmannskontor på veg inn på Scandic Sunnfjord Hotell søndag føremiddag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi fekk inn politimeldinga kl. 04.44 natt til sundag, seier operasjonsleiar Bengt Næss ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

Vakthavande politiadvokat, Inger Beth Fosse, seier til NRK at dei no etterforskar den påståtte ugjerninga for fullt, og stadfestar at det pågår ein stor politiinnsats på Scandic Sunnfjord Hotell.

Ho vil ikkje seie noko om den påståtte valdtekta skal ha skjedd på ein av hotella sine utestadar, eller på eit av hotellromma. Ho stadfestar at det er ei jente som har meldt valdtekten, men ho vil ikkje seie noko om alder.

Søndag føremiddag kom det stadig fleire politifolk til staden, mellom anna tekniske etterforskarar frå lensmannskontoret i Førde.

Direktør ved hotellet, Odd Erik Gullaksen, ønskjer førebels ikkje å kommentere den pågåande etterforskinga.

Det har i helga vore ein stor countryfestival på hotellet, og politiet valde å bruke bakvegen inn til hotellet.

– Vi blei veldig overraska då vi såg politiet, vi har ikkje høyrt om at det skal ha skjedd noko, seier to av hotellgjestene NRK snakka med.

Sunnfjord

ETTERFORSKAR: Politiet rykte ut med tilgjengeleg mannskap til hotellet midt i Førde sentrum.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK