Hopp til innhold

Politiet har utvida siktinga etter Kjølsdalen-ulukka – meiner føraren var ruspåverka

Bilføraren som køyrde på to kvinner i Kjølsdalen i romjula er no også sikta for køyring i ruspåverka tilstand. Han erkjenner ikkje straffskuld.

Lys og blomar på ulukkesstaden

MISTE LIVET: To kvinner miste livet i ulukka i Kjølsdalen i romjula i fjor.

Foto: ØYSTEIN TORHEIM

Politiet gjennomførte eit nytt avhøyr av den sikta bilføraren i går, der mannen møtte saman med forsvarar Oscar Ihlebæk.

Mannen i 50-åra er frå før sikta for aktlaust drap etter at to kvinner omkom i ein påkøyrsel på ein gangveg i Eid kommune 27 desember i fjor. Siktinga er no utvida til å også gjelde køyring i ruspåverka tilstand, opplyser politiet i ei pressemelding.

Mannen var blitt gjort kjent med siktinga før avhøyret i går, fortel lensmann i Nordfjord Tormod Hvattum. Avhøyret varte i tre timar.

– Bakgrunnen for den nye siktinga er at vi har fått svar på blodprøve, seier Hvattum.

– Vi betraktar dette som relativt alvorleg.

Erkjenner ikkje straffskuld

Hvattum ønskjer ikkje å seie noko om kva type ruspåverknad det er snakk om, eller kva det har hatt å seie for utfallet av hendinga.

Den sikta erkjenner ikkje straffskuld etter siktinga.

Mannen blei avhøyrt kort tid etter hendinga, og avhøyret i går er det første etter dette.

Forsvarar Oscar Ihlebæk seier til NRK at klienten hans forklarte seg grundig i avhøyret.

– Sikta forklarte seg uttømmande gjennom politiavhøyret som varte i tre timar. Han vart framlagt nye dokument, og svarte på spørsmål.

– Korleis tek han den utvida siktinga?

– Det er tøft for han, seier Ihlebæk.

Han ønskjer ikkje å kommentere kva klienten hans har forklart rundt blodprøvesvara.

Politiet vil i dag ikkje å gi ytterlegare opplysningar om kva som kom fram i det nye avhøyret onsdag kveld.

Tormod Hvattum

VENTAR PÅ RAPPORTAR: Politiet ventar no på eksterne rapportar før eventuelle nye etterforskingssteg, seier lensmann i Nordfjord Tormod Hvattum.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi ønskjer ikkje å gå inn på dette, seier Hvattum.

Ventar på rapportar

Ihlebæk meiner saka har teke for lang tid.

– Eg synest det er beklageleg, ikkje minst av omsyn til dei er pårørande. Det er beklageleg for alle partar at denne saka har hatt ein sein framdrift, seier han til NRK.

Hvattum er ikkje samd i at politiet har brukt for lang tid.

– Etter vårt syn har ikkje saka teke lang tid. Politiet har vore ferdig med dei etterforskingsstega som vi stort sett rår over, og vi ventar på eksterne rapportar, Vi snakkar om tre månader, og det relativt kort tid i den samanheng, seier han.

– Kva skjer vidare i denne saka?

– Vi ventar på eksterne rapportar. Når vi får det, tar vi ei vurdering om det er ytterlegare etterforskingssteg vi skal gjere, seier Hvattum.

Rapportane politiet ventar på er mellom anna sakkunnig-uttaler knytt til køyretøyet, opplyser lensmannen.