Hopp til innhold

Promillekøyring i båt: Politiet har stogga dobbelt så mange som i fjor

Talet på båtførarar med for høg promille aukar kraftig både på Vestlandet, Trøndelag og på Sørlandet. No vil politiet ha nulltoleranse for promille i båt.

Båtførar stogga av politiet

KRAFTIG AUKING: Det har vore ei kraftig auking i tal på båtførarar som er tekne med for høg promille. Politisjef i Sogn og Fjordane meiner promillegrensa difor burde endrast.

Foto: Sindre Vik Helgheim / NRK

Vest politidistrikt er blant dei med flest tilfelle av promille blant båtførarar i heile landet. Og hittil i år har talet på rusa båtførarar meir enn dobla seg frå same tid i fjor, opp 11 til 25.

Trøndelag har dobbelt så mange tilfelle og Møre og Romsdal har meir enn tredobla. Av alle politidistrikta er det berre Oslo og Finnmark som har færre so langt.

Seinast i helga måtte politiet stogge ein båtførarar to gonger i samband med promillekøyring.

Arne Johannessen, politisjef i Sogn og Fjordane, meiner dette syner at promillegrensa til sjøs burde endrast.

Arne Johannessen er politisjef i Sogn og Fjordane. Fotografert på kontoret i Sogndal 6. juli 2020.

PROBLEMATISK: Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, meiner det er problematisk at promillegrensa til sjøs er høgare enn på land.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg meiner heilt klart at vi bør ha lik promillegrense til sjøs som vi har til lands. Det er ikkje gode argument for at det skal vere ulike grenser mellom båt- og bilkøyring.

– Usikkert om strengare reglar vil ha noko effekt

– Det er sterkt overdrive at alkohol på sjøen er eit stort problem, seier fungerande generalsekretær i Kongeleg norsk båtforbund, Stig Hvide Smith.

I Noreg er promillegrensa i båt 0,8 for fritidsbåtar under 15 meter og 0,2 for skip over 15 meter. For bil og alle andre motorvogner er promillegrensa 0,2.

Hvide Smith er skeptisk til å endre promillegrensa, og seier at svært få personar blir tekne i promillekøyring på sjøen med over 0,8 i promille.

Hvide meiner at uansvarlege båtførarar vil ein ha uansett om grensa vert endra eller ikkje.

– Det spelar ingen rolle om det er 0,2 eller 0,8 som er grensa. Uansvarlege menneske vil man nok ha i samfunnet uansett.

Han påpeiker at båtforbundet er opptekne av at folk er ansvarlege når dei køyrer båt, og at ein skal vere edru. Samstundes minner han om at det er skilnader mellom båt- og bilføring.

– Vi må hugse på at ein båt ikkje nødvendigvis berre er eit transportmiddel, men det er også ein stad der ein bruker ferie, slappar av og kosar seg.

Støttar forslaget

Politisjefen i Sogn og Fjordane meiner det er problematisk at høgare promille til sjøs vert akseptert i båtmiljøet.

– Det bør vere ein nulltoleranse på same måte som med bilkøyring. Båtmotorane blir større og det er mange urøynde båtførarar, seier Johannessen.

I starten av mai la SV og Ap fram eit stortingsforslag om å senke promillegrensa i båt frå 0,8 til 0,2. Forslaget vart nedstemt, etter motstand frå mellom anna Frp.

Johannessen meiner politikken er for restriktiv, og ber politikarane ta tak i dette på nytt.

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe frå Senterpartiet er samd med politisjefen om at promillegrensa til sjøs bør bli strengare.

Kjersti Toppe

BØR ENDRAST: Stortingsrepresentant Kjersti Toppe frå Senterpartiet meiner promillegrensa til sjøs burde endrast.

Foto: Ingrid Aarekol / NRK

– Eg har aldri forstått kvifor det ikkje er same grensa for bil- og båt køyring. No er ikkje dette noko partiet har diskutert, men eg meiner at ein no burde vurdere dette, seier ho.

Toppe seier at det har vore altfor mange stygge ulukker til sjøs og meiner ein er nøydd til å førebygge betre.

– Alle må ta ansvar

Båtsalet skaut i vêret etter at regjeringa i vår oppmoda nordmenn om å ta ferien innanlands i sommar, i lys av koronapandemien.

Johannessen seier at politiet i den samanheng er meir merksame på båtpromille i tida framover, men seier at dårleg tilgang på kontrollapparat er utfordrande.

– Vi skulle hatt fleire kontrollar på sjøen. Men det må vere eit personleg ansvar å innsjå at alkohol og båtkøyring ikkje høyrer saman. Det er berre eit personleg ansvar og det må alle ta.