Hopp til innhold

Politiet har meir stengt enn ope

Fleire stader i fylket møter folk stengde dører når dei kjem til lensmannskontoret.

Politiskilt

STENGT: Ei rekkje lensmannskontor er meir stengt enn ope.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Ei undersøking NRK har gjort syner at fleire lensmannskontor i fylket berre heldt ope få dagar i veka.

– Reduserte opningstider på lensmannskontora kan gå ut over det førebyggjande arbeidet til politiet, seier ordførar Olav Ellingsen i Aurland kommune.

Fryktar for framtida

Medan somme kontor berre har ope to dagar i veka, må andre belage seg på at kontoret plutseleg kan bli stengt med ein lapp på døra. Fleire lensmenn fryktar no for framtida til kontora.

– Vi ser ei utvikling som går mot større og større einingar, og politidistriktet blir meir og meir utarma. Det er berre slik det er blitt, seier lensmann Hans Rune Strandos ved Bremanger lensmannskontor.

– Kva synest du om det?

– Det er ikkje akkurat slik vi ønskjer, men slik det er blitt, svarar Strandos.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lensmann i Høyanger Atle Førde

MÅ STENGE: Lensmann i Balestrand, Atle Førde, må stengje lensmannskontoret fleire dagar i veka.

Foto: politi.no

Ope to og tre dagar i veka

Selje lensmannskontor har ope berre tre dagar i veka. Det same har lensmannskontoret i Vik. I Aurland og Balestrand er kontora berre ope to dagar i veka.

– Ressurssituasjonen gjer at vi må velge denne løysinga. Konsekvensane er at publikum ikkje kan gå til lensmannskontoret kvar dag, seier lensmann Atle Førde i Balestrand.

Lensmannskontoret i Gaular er bemanna med ein sekretær kvar vekedag, men det er ikkje kvar dag kontoret er bemanna med politibetjentar.

Ordførar Olav Ellingsen i Aurland

Ordførar Olav Ellingsen i Aurland

Foto: Kjell Arvid Stølen
Marta Finden Halset

Ordførar Marta Finden Halset i Vik

Foto: Sindre Løkstad / NRK
Politimeister Johan Brekke

Politimeister Johan Brekke

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Kontordama er her kvar dag, men av og til må vi stenge. Det kan vere møter, kurs eller sjukdom. Vi må også ofte stenge når vi er ute på oppdrag, seier lensmann Svein Rød i Gaular.

Ordførarar reagerer

Ordførarane i Aurland og Vik meiner argumenta for å behalde eigen lensmann i kommunane ikkje har vorte høyrde.

– Det er veldig leitt. Vi må ha politiet i lokalsamfunnet, seier ordførar Olav Ellingsen i Aurland.

– Det er veldig trasig at politiet ikkje er tilgjengeleg for innbyggjarane kvar einaste dag. Det er svært negativt. Vi har sagt ifrå, men vi har tydelegvis ikkje blitt høyrde, seier ordførar Marta finden Halset i Vik.

– Vakt og beredskap er viktigast

Politimeister i Sogn og Fjordane, Johan Brekke, seier at ressursane ikkje strekk til og at dei må prioritere hardt.

– Vi må forhalde oss til dei ressursane vi har, og vi må bruke dei på den måten vi meiner er best for publikum totalt sett, seier Brekke til NRK.no.

Han meiner det er viktigast å prioritere vakt og beredskap framfor at lensmannskontora skal vere opne kvar dag.

– Eg trur det viktigaste for publikum er at dei får hjelp når dei treng det og at saker blir etterforska når dei spør om det, seier Brekke.

Statssekretær i Justisdepartementet, Terje Moland Pedersen, seier Sogn og Fjordane politidistrikt har fått ein reel auke i pengebeløpet på lik linje med mange andre politidistrikt.