Hopp til innhold

Politiet har lagt bort 56 av 67 saker etter griseavsløringane

Berre éin bonde er så langt dømt for brot på dyrevelferdslova etter griseavsløringane. I alt er 56 av 67 saker lagde bort.

Nettverk for dyrs frihet fotograferer i Fatland-lederens fjøs

INSPEKSJON: Nettverk for dyrs fridom tok seg inn i 67 norske grisefjøs. Alle vart melde til politiet for brot på dyrevelferdslova, men politiet har lagt vekk dei fleste sakene.

Foto: Nettverk for dyrs frihet

I perioden 2015 til 2021 tok Nettverk for dyrs fridom seg ulovleg inn i 67 grisefjøs. Eit stort tal videoar og bilde vart sende til media og politiet som bevismateriale for påstått grove brot på dyrevelferdslova.

Griseindustriens brotne løfter var blant sakene som vart publiserte.

Men no viser det seg at politiet har lagt bort 56 av dei 67 meldte sakene. Det viser ei kartlegging NRK har gjort.

Etterforskinga har gått føre seg i sju ulike politidistrikt, frå Agder i sør til Trøndelag i nord.

– Bildebevis ofte ikkje nok

– Generelt vil eg seie at bilde og video ikkje nødvendigvis er nok til å oppfylle det strenge beviskravet vi har i straffesaker, seier politiadvokat og fagansvarleg for dyrevelferdskriminalitet i Økokrim, Tone Strømsnes Olsen.

Ho vedgår at mange av bilda viser skader på dyr og forhold som ikkje er bra, men:

– Bilda er berre eitt bevis i vurderinga om nokon skal straffast. Beviset må også vurderast kritisk opp mot andre bevis som blir lagde fram, seier ho.

Sjuk og skadd gris i fjøs i Nordfjord. Tatt 8. juni 2018.

Den eine bakfoten på denne grisen er kraftig hovna opp på grunn av leddbetennelse.

Foto: Tor Grobstok / Nettverk for dyrs frihet
  • 35 saker er lagde vekk fordi påtalemakta ikkje finn bevisa gode nok.
  • 22 av er lagde vekk fordi sakene var forelda.

Strafferamma for brot på dyrevelferdslova er vanlegvis eitt år, og foreldingsfristen to år. For dei aller grovaste brota er strafferamma tre år, og foreldingsfristen fem år.

– Mange av sakene var allereie forelda då dei vart melde til politiet, seier Strømsnes Olsen.

Politiadvokat, Tone Strømsnes

– Ofte er ikkje bilde eller video gode nok bevis til å få nokon dømt i ei straffesak, seier politiadvokat og fagansvarleg for dyrevelferdskriminalitet i Økokrim, Tone Strømsnes Olsen.

Foto: Caroline Bergli Tolfsen / NRK

Berre éi rettskraftig avgjerd

Så langt finst det berre ei rettskraftig avgjerd i saka.

I det tilfellet godtok ein grisebonde frå Innlandet eit førelegg på 12.000 kroner for brot på dyrevelferdslova.

Ein grisebonde frå Sogn og Fjordane er dømt til 60 dagars fengsel på vilkår for brot på den same lova. Men saka kan bli anka og domen er difor ikkje rettskraftig. Ni saker er framleis under etterforsking.

Bilde av halebit på gris tatt i grisefjøs i Nordfjord 8. juni 2018.

Bonden frå Sogn og Fjordane som eig denne grisen med eit verkande halesår er dømt til vilkårsbunde fengsel i 60 dagar. Men domen kan bli anka og er såleis ikkje rettskraftig.

Foto: Tor Grobstok / Nettverk for dyrs fridom

Styreleiar i nærings- og interesseorganisasjonen Norsvin, Per Inge Egeland, er letta over at så mange av dei melde sakene er lagde bort.

– Både dette og Mattilsynet si tilsynskampanje viser at det er veldig få alvorlege avvik i norsk svineproduksjon. Det er vi glade for, seier han.

Engeland meiner mange av bilda frå Nettverk for dyr fridom verkar konstruerte, og at dei ikkje alltid viser korleis dyra har det.

– Bingen har to sider. Den reine og den skitne sida. Tek du bilde frå den skitne sida, tek det seg dårleg ut same kor friskt dyret er, seier Engeland.

Samtidig legg han til at dei som vansteller dyra fortener straff.

– Det er like vondt for oss å sjå dyr som lir som alle andre, seier han.

Leiar i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming, seier dyrevernarane hadde ein tydeleg agenda då dei tok seg inn i fjøsa, og at bevismaterialet deira ikkje held mål.

– Dette er tydeleg når så mange saker er lagde vekk av politiet, seier han.

Per Inge Egeland

Grisebonde og styreleiar i Norsvin, Per Inge Egeland, er letta over at dei fleste av dei melde sakene mot norske grisebønder er lagde bort.

Fortvilte dyrevernarar

Nettverk for dyrs fridom avviser på det sterkaste at bilda er konstruerte, men at dei i staden viser eit korrekt bilde av norsk griseindustri.

– Ingen av bilda er korkje manipulert eller redigert. Påstandar om dette er eit småleg forsøk på å avspore debatten, seier Tor Grobstok, som er talsperson i Nettverk for dyrs fridom.

Han er ekstremt skuffa over politiet, som har lagt vekk så mange saker.

Grobstok meiner landbruksdyr skal ha same rettsvern som familiedyr, men at desse sakene illustrer at det ikkje er slik i praksis.

Ingen hadde godtatt at hundar og katter vassa rundt i si eiga avføring med avspiste kroppsdelar, men det gjer ein med grisar, seier han.

Nettverk for dyrs fridom gjekk høgt ut i media og fortalde at de hadde avslørt omfattande og alvorlege brot på dyrevelferdslova. Tok de for hardt i?

Nei, forholda vi avslørte i griseindustrien var hårreisande og langt utanfor det vi som samfunn kan akseptere, seier han.

Grobstok fortel at utfallet i desse sakene berre har gjort han endå meir motivert til å kjempe vidare.

Vi kjem til å fortsette kampen. Korkje truslar eller noko anna kan stoppe oss i arbeidet for dei stemmelause dyra, seier han.