Hopp til innhold

Politiet har laga sin eigen chatteteneste – slik fungerer den

Mange kontaktar nettpatruljen gjennom sosiale medium. No lagar politiet ein eigen teneste som gjer det lettare å dela sensitiv informasjon.

Skjermbilde av chat med Vest politidistrikt
Illustrasjon: Skjermbilde / NRK
Illustrasjon: Skjermbilde / NRK

I dei siste åra har fleire og fleire unge kontakta politiet si nettpatrulje for å melda saker til politiet.

Dei kontaktar politiet vanlegvis via Facebooks Messenger og Instagram.

Men ikkje alle opplever det som trygt når ein skal dela sensitiv informasjon, og politet har derfor laga eigen chatteteneste.

Den nye tenesta til politiet er kryptert.

– Dette skal gje moglegheita til sikker kommunikasjon mellom dei som melder saker, og oss som politi, seier fagleiar for Nettpatrulje Vest, Rune Fimreite.

Rune Fimreite

TRYGG KOMMUNIKASJON: Fagleiar for Nettpatrulje Vest, Rune Fimreite.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Kryptering er ein matematisk metode som sørgar for konfidensialitet mellom partane.

Slik fungerer den

Nettpatruljen sender dei som tek kontakt ei lenke og eit kodeord.

– Då kjem dei inn i ein-til-ein-samtale med oss, og den er kryptert, så ingen andre får tilgang på det, seier Fimreite.

Sjå korleis chatten fungerer i videoen nedanfor.

Politiet har laga ein ny chatteteneste for å betre dele sensitiv informasjon

Politiet har laga ein ny chatteteneste for å betre dele sensitiv informasjon

Over 4000 personar henvendte seg til nettpatruljen i vest i fjor.

Rundt 1600 av desse sakene kom frå personar mellom 10 og 19 år.

Sikker Chat med politiet

I det ein går ut av chatten, forsvinn dei gamle meldingane.

Sikker Chat med Politiet

Meiner Meta har dårleg merittliste

Chunlei Li er førsteamanuensis på Universitetet i Bergen, og forskar på kryptologi og datatryggleik.

Messenger og Instagram er eigd av selskapet Meta.

Li seier at Meta ikkje har ein spesielt god merittliste når det kjem til usikre data og sensitiv informasjon.

– Meta er utsett for usikre data og sensitiv informasjon. Det er kjent at det siste Facebook-databruddet skjedde i 2021, då personopplysingar knytt til 533 millionar facebook-brukarar vart offentleggjort, seier Li.

Chunlei Li

FØRSTEAMANUENSIS: Chunlei Li forskar på kryptolog og datatryggleik på Universitetet i Bergen.

Foto: Universitetet i Bergen

Dermed meiner Li at det er grunn til å tru at Facebook ikkje beskyttar brukarane sin data godt nok.

– Burde folk la vera å bruke Meta-appar med tanke på at politiet ikkje gjer det?

– Ein kan sjå på det som eit faresignal, om at folk ikkje skal dela personlege data på Meta til dagleg bruk, seier Li.

Selskapet skriv sjølv på eigne nettsidar at dei stadig jobbar med å gjere sikkerheiten bedre.