Hopp til innhold

Mann i 20-åra skoten i foten av politiet i Knarvik i natt

Politiet skaut ein mann i foten etter det oppstod ein situasjon på legevakta i Knarvik. Mannen er sikta for trugslar og vart sendt til sjukehus.

Politiet løsnet skudd i Knarvik

SKOT: Hendinga skjedde ved Helsehuset i Knarvik.

Foto: Oddbjørn Rosnes / Avisa Nordhordland

Spesialeininga har sikra seg video frå eit overvakingskamera som skal vise hendinga, opplyser Thomas Arntsen i Spesialeininga til NRK.

Politiet fyrte av skot mot ein person i forbindelse med eit oppdrag i Knarvik i Alver i natt, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Ifølgje Spesialeininga for politisaker hjelpte politiet helsevesenet på legevakta i Knarvik.

Det oppstod så ein situasjon med personen, som gjorde at politiet fyrte av skot.

Thomas Arntsen, påtalefagleg etterforskingsleiar i Spesialeininga for politisaker, seier at mannen blei skoten i foten. Han er operert og tilstanden skal ikkje vere alvorleg.

– Éin person har status som mistenkt i saka. Når det er brukt skytevåpen mot ein person er det førebels mistanke om kroppsskade, seier Arntsen.

Thomas Arntsen i Spesialeininga.

Thomas Arntsen er påtalefagleg etterforskingsleiar i Spesialeininga for politisaker.

Foto: Therese Pisani / NRK

Personen var medviten og vart tatt hand om av helsepersonell og køyrd til Haukeland universitetssjukehus for behandling.

Ingen andre er skada etter hendinga.

Éin polititenesteperson mistenkt

Spesialeininga for politisaker er rutinemessig varsla av Vest politidistrikt og etterforskar saka vidare.

Også Kripos er varsla. Dei vil hjelpe til med undersøkingar av åstaden.

– Éin person har formelt status som mistenkt i saka. Når det er brukt skytevåpen mot ein person er det førebels mistanke om kroppsskade, seier Thomas Arntsen, påtalefagleg etterforskingsleiar i Spesialeininga for politisaker.

Sikta for trugslar

– Mannen som blei skoten er sikta for trugslar og formelt pågripen sjølv om han er på eit sjukehus, seier jourhavande jurist Jan Christian Alvheim i Vest politidistrikt til NRK.

Han vil ikkje kommentere saka ytterlegare, og viser til Spesialeininga.

– Eg gir ikkje fleire kommentarar, fordi det fort vil gripe inn i det Spesialeininga har på sitt bord, seier han.

Spesialeininga opplyser at formålet med etterforskinga er å belysa gangen i hendinga, og omstenda rundt situasjonen kor det vart fyrt av skot.

– Dei som var involvert i saka er tatt i vare på beste måte. Dei vil gi forklaring til spesialeininga, seier politistasjonssjef Kjell Idar Vangberg.

Kommunedirektør Ørjan Raknes Forthun i Alver kommune er ikkje kjend med at tilsette på legevakta er utsett for trugslar.

– Sjølve episoden var på utsida av helsehuset, og der er det avstengt no. Dei av våre folk som var på legevakta vil få oppfølging i etterkant. Dette er noko vi har rutinar på, seier Forthun.