Hopp til innhold

Politiet får hundrevis av tips om brot på korona-tiltak

Karantenebrot, smitte-trugsmål og ulovleg opphald på hytta. Dette er blant hundrevis av tips som politiet over heile landet no får inn.

Arne Johannessen er politileiar i Sogn og Fjordane

DIALOG: Leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, meiner det er viktigare enn nokon gong å bruka dialog som verktøy i politiarbeidet.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det er krevjande at ikkje alle skjønnar ansvaret og tar inn over seg alvoret, seier politisjef for avdeling Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt, Arne Johannessen.

Han meiner at absolutt alle må ta dei nasjonale retningslinjene på alvor.

– Det er rett og slett eit samfunnsansvar den enkelte har, seier politisjefen.

Politiet får meldingar om personar som bryt karantenen etter at dei har vore i utlandet eller medan dei er bekrefta eller mistenkt smitta, at dei er ulovleg på hytta, samlingar av menneske og personar som truar andre ved å seia dei spreier smitte.

20.000 i bøter

Det er vanskeleg å seia nøyaktig kor mange tips som har nådd politikontora rundt om i landet, då dei får dei inn via mange ulike kanalar.

Til dømes har politiet i Trøndelag fått inn rundt 115 tips, og Vest politidistrikt fekk inn om lag 50 tips berre i løpet av helga. I underkant av ti av dei vart sjekka ut av politifolk i gamle Sogn og Fjordane.

Eit av tipsa førte til ei bot på 20.000 kroner. Det hende etter at ein ung person med påvist koronasmitte reiste på fest.

I Kongsvinger rykte politiet ut på ei liknande sak sist helg. Til liks med saka frå Sogn og Fjordane, fekk vedkomande 20.000 i bot.

Fleire hendingar

Politiet i Sogn og Fjordane måtte førre veke rykke ut då ein person som hevda han var smitta av koronaviruset spytta på golvet, sleika seg på hendene og tok på ting på eit kjøpesenter i Sogndal. Saka enda med at politiet viste bort og irettesette mannen.

Kunne ikkje de ha straffa vedkomande slik Innlandet politidistrikt har gjort i ei liknande sak?

– Det er ei ubehageleg sak eg meiner me handterte godt, seier Johannessen.

Saka som enda med bot på 10.000 kroner, heimla i straffelova § 187, hende i Stange i Hedmark.

For ei tid tilbake arresterte politiet ein mann på Ål stasjon for å ha trua ein av medpassasjerane sine ved å pusta dei i ansiktet medan han hevda han var koronasmitta.

Løyser saker med dialog

– I denne situasjonen er det viktigare enn nokon gong å bruka dialog som verktøy i politiarbeidet, seier Johannessen.

Etter at myndigheitene sette i verk dei nye smittevernstiltaka, har politiet i Sogn og Fjordane fått om lag 40 meir eller mindre formelle tips om brot på dei.

– Når me har reist ut på tips og snakka med dei det gjeld, er opplevinga vår at folk fylgjer opp pålegga våre umiddelbart. Det syntest eg er flott, seier politisjefen.

Johannessen seier at politiet generelt hadde ei stille helg, mellom anna fordi utelivet er stengt.

Grafikk på hva som er lov og ikke lov i koronatiden

DETTE ER LOV: Grafikken visar kva som er lov og ikkje i samsvar med lover og reglar fastsett under koronakrisa.

Grafikk: NRK

Tipsar og melder over heile landet

Dei fleste politidistrikta har ikkje ei konkret oversikt over kor mange tips knytt til korona dei har fått. Tipsa kjem inn via både telefon, e-post og sosiale medium. Mange stiller også spørsmål og vil ha rettleiing knytt til regelverket.

  • Agder politidistrikt: Har fått to meldingar om brot på smittevernlova. Ei av sakene er lagt bort.
  • Finnmark politidistrikt: Har fått ei melding om brot på karantenereglane. Saka er lagt bort.
  • Innlandet politidistrikt: Har fått fire meldingar om saker knytt til korona. Ein mann har fått 10 000 kr for å hosta på ein tilsett ved eit legekontor, ein annan har fått 20 000 kr i bot for å reisa på fest etter å ha vore i utlandet.
  • Møre og Romsdal politidistrikt: Har gitt ei bot på 20.000 kr til ein person som arbeider i helse- og omsorgstenesta i ein kommune som gjekk på fest etter å ha vore i kontakt med ein koronasmitta pasient.
  • Nordland politidistrikt: Har ikkje fått meldingar om lovbrot direkte knytt til koronaviruset.
  • Oslo politidistrikt: Har registrert tre meldingar om brot på smittevernlova. Ei av sakene er lagt bort, medan dei to andre ikkje er avgjort.
  • Sør-Vest politidistrikt: Har teke i mot ei melding om ein person som braut karantenereglane etter å ha vore i utlandet. Saka er lagt bort. Har også fått sju tips om ulovleg opphald på fritidseigedom. Løyste sakene ved å ringja til hytteeigarane og oppmoda dei om å respektera reglane.
  • Sør-Øst politidistrikt: Hadde frå fredag ettermiddag til måndag morgon i overkant av ti oppdrag knytt til korona. Om lag 130 har retta seg til distriktet sine digitale plattformer med tips og spørsmål.
  • Troms politidistrikt: Har skrive ut eitt koronarelatert førelegg der ein mann hosta og blåste på andre, og har teke i mot ei melding der ein person trua med å smitta politiet i samband med ei pågriping. Har fått tre tips om karantenebrot og ulovleg opphald på hytter, og to tips om folkesamlingar.
  • Trøndelag politidistrikt: Har oppretta tre straffesaker der personar har spreidd frykt ved å til dømes hosta på andre, og ei sak der det vart oppmoda til å bryta karantenen. Har elles fått om lag 115 tips knytt til karantenebrot, brot på hytteforbodet og samling av menneske.
  • Vest politidistrikt: Har registrert om lag 50 oppdrag knytt til korona i løpet av helga, der eit av tilfella enda med bot.
  • Øst politidistrikt: Har teke imot ei melding om brot på karantenereglane i smittevernlova. Saka er ikkje avgjort.