Vakthavande ved Førde og Naustdal lensmannskontor, Jan Bjarte Skrøppa, vil helst ikkje tenkje på kva som kunne skjedd om politiet ikkje hadde funne mannen.
Vald mot hovudet
Politiet kom over 32-åringen i Storehagen i Førde Sentrum på ein tilfeldig patrulje. Det var tydeleg at han hadde vore utsett for kraftig vald mot hovudet. Tilstanden til mannen forverra seg medan politiet var på staden, og han vart straks frakta til sjukehus. Skrøppa meiner det er svært alvorleg at mannen har blitt overleten til seg sjølv i så forkomen tilstand.
Etterlyser vitne
Politiet ynskjer å kome i kontakt med alle som kan ha sett noko i området ved Storehagen mellom klokka tre og fire natt til søndag.