Politiet etterforskar dyretragedie

Politiet i Stryn har oppretta sak etter mistanke om at to hundar har rive i hel ein ponni, skriv avisa Fjordingen. Det var søndag ettermiddag at to vaksne hundar stakk av frå eigaren sin, og det vart seinare funne ein død ponni, opplyser politiet til avisa. Politiet har ikkje teke stilling til kva som vil skje med hundane, men eigaren skal sjølv vere innstilt på å avlive dei.