Hopp til innhold

Ber om tips etter tre innbrot på to netter

– Vi er ein liten nærbutikk, og er veldig sårbare når slike ting skjer, seier Karoline Lunde.

Innbrot i butikk på Fjelli Stryn

TRASIG: Innbrotet natt til tysdag er det første Karoline Lunde har opplevd sidan ho tok over som butikkstyrar for fire år sidan.

Foto: Politiet

Styraren ved Coop Marked Fjelli i Stryn fortvilar etter at ho natt til tysdag fekk ubedne gjester i butikken.

Tjuvane var truleg meir svoltne enn interesserte i kontantar og utstyr. Dei forsynte seg av pizza, chips, tobakk, sjokolade og Flax-lodd.

Innbrot på Fjelli i Stryn

BREKKJARN: Tjvuane har truleg nytta eit brekkjarn for å få opp inngangsdøra til Coop-butikken på Fjelli i Stryn.

Foto: Politiet

Natt til onsdag prøvde uvedkommande å ta seg inn på Joker i Utvik, og klokka 0315 same natt gjekk alarmen ved Joker på Skei i Jølster.

Politioverbetjent Vidar Stavik hos politiet i Stryn seier at dei har lite å gå etter, og at dei treng hjelp frå publikum.

– Vi er ute etter observasjonar av bilar på nattetid desse stadane, eventuelt personar som er sett i nærleiken av butikkane, seier han.

Har fått tips, men...

Innbrot i Joker-butikken i Utvik.

INNBROT: Slik såg inngangsdøra til Joker-butikken i Utvik ut då dei tilsette kom på jobb onsdag morgon.

Foto: Politiet

Politiet har fått eitt tips om ei mørk stasjonsvogn som var observert på nordsida av Nordfjord natt til tysdag. Stavik seier at denne kan vere aktuell i samband med innbrotet på Blaksæt.

– Vi har ikkje fått konkrete tips som kan setjast i samband med innbrota. Vi veit heller ikkje om det er tale om ein eller fleire gjerningspersonar, seier Stavik.

Tjuvane har truleg ikkje fått med seg store verdiar frå innbrota i Utvik og på Skei.

– Dei brote opp inngangsdør og knust rute i inngangsdør. Tjuvane ser ut til å vere mobile, og fartar rundt på nattetid, seier han.

Politiet opplyser at Sunnmøre

Ikkje lenger trygg

Innbrotet på Blaksæt skjedde etter at Lunde gjekk frå jobb klokka 21, men før kollegaen hennar kom på jobb klokka 09 tysdag morgon.

– Varer låg spreidd utanfor butikken, døra var brota opp og så var det varene som var vekke. Det var ikkje mykje rot i butikken, så dei har truleg vore raske, seier ho.

Innbrotet er det første sidan ho tok over som styrar for fire år sidan. Lunde tykkjer det er trasig både med tjuveriet og ekstraarbeidet som følgjer med.

– Det er viktig at dei blir tekne, seier ho.

Lunde vil investere i betre tryggleik.

– Det er slutt på tida der vi kan kjenne oss trygge for slikt på bygda. Så då blir det å syte for betre låsar og kanskje meir kamera, seier ho.