Hopp til innhold

Dette synet møtte politiet på massasjestudio. No blir utleigarar truga med hallikparagrafen

Politiet vil setja ein stoppar for menneskehandel og prostitusjon på massasjesalongar. – Utleigarar som ikkje tar affære kan bli dømt etter hallikparagrafen.

Sæd på massasjestudio

SÆDFLEKKAR PÅ VEGGEN: Politiet fann tydelege spor etter seksuell aktivitet på eit massasjestudio

Foto: Kripos

Utspelet kjem etter ein fersk dom frå november 2020. Der vart ei svensk kvinne, opphavleg frå Thailand, dømd til to år og 10 månaders fengsel for mellom anna å ha utnytta ei kvinne frå Thailand til arbeid og prostitusjon i ein massasjesalong i Tromsø.

Men også hennar norske sambuar vart dømd, for å ha leigd ut lokale til massasjesalongen. Retten meinte han visste kva som gjekk føre seg og dømde han derfor for grov aktlaus brot av hallikparagrafen.

– Særs alvorleg

Denne og fleire liknande saker, gjer at politiet no ropar varsku. Dei meiner at massasjeverksemd vert nytta som skalkeskjul for alvorleg kriminalitet som menneskehandel og prostitusjon.

På massasjeinstituttet i Tromsø var det liten tvil om kva som gjekk føre seg. Kvinna måtte bu på eit trongt rom i lokalet, og politiet fann tydelege sædflekkar på veggane i lokala.

– Dette er særs alvorleg. Vi ser at problematikken har eit slikt omfang at vi vel å gå ut og skape merksemd og auke kunnskapen om dette, seier politiadvokat i Kripos, Anja Perminow Straand, som også er leiar i Politiets nasjonale kompetansegruppe mot menneskehandel.

Bergen lovar aksjonar mot massasjemiljø

Slik verksemd skjer i stor skala i mange norske byar. I Bergen lovar politioverbetjent Bjarte Schrøen ved avsnitt for menneskehandel i Vest politidistrikt aksjonar mot miljøet framover.

– Vi kjem til å ha fokus på dette, mest av alt med fokus på menneskehandel, og det vil bli aksjonar i framtida. Så det er ein reell fare for å bli teken med buksa nede, i dobbel forstand, seier Schrøen til NRK.

Massasjerom i Tromsø.

TRONGBUDD: Politiet sitt bilete frå rommet i massasjestudioet Tromsø der kvinna budde og jobba.

Foto: Politiet

– Huseigarar må ta affære

Politiet gjer no huseigarar som leiger ut lokale klar beskjed om å vere på vakt. Dei vert oppfordra til å melde frå dersom dei kjenner til, eller mistenker at det føregår ulovleg aktivitet der.

– Politiet ønskjer at utleigarar er spesielt merksame på signal om at det i staden for, eller i tillegg til, thaimassasje blir tilbydd sal av seksuelle tenester, seier Straand.

Dersom huseigarane ikkje seier ifrå, kan utleigarane bli dømd etter den såkalla «hallikparagrafen», som også omfattar grov aktlause.

– Huseigarar må vere på vakt for aktivitet som ser ut som noko anna enn næringsverksemd. Dei bør også gripe inn om dei får vite om aktivitet om natta eller info om at tilsette søv i massasjesalongen, seier Kenneth Henriksen, leiar for menneskehandelsteamet i Troms politidistrikt, til NRK.

Schrøen i Bergen rår også huseigarar til å følgje med på annonseringa til massasjestudioet og ordlyden der.

Politiet råder huseigarar til å avslutte leigeforholdet dersom det finns konkrete haldepunkt for at det går føre seg prostitusjonsverksemd.

– Støttar politiet

Politiet presiserer at det finns seriøse aktørar innan thaimassasje, og at også desse kan verte skadelidande av dei som driv illegal aktivitet.

Styreleiar i Noregs massasjeforbund, Vivi Ann Waggestad seier dei støttar politiet i arbeidet med å førebygge menneskehandel og prostitusjon under dekke av å tilby massasje.

– Vi er oppgitt og lei av at useriøse aktørar nyttar massasje som «bransje» når dei klart sel noko helt anna. Det er trist at ein stor og seriøs bransje blir stigmatisert på grunn av useriøse aktørar, seier Waggestad til NRK.

– Vår forbund organiserer berre terapeutar med høge fagkrav og medisinskfaglege studiar, og er ikkje blant klinikkane som det her varslast mot.

Politiet understrekar òg at det er mange seriøse aktørar i bransjen.

– Det er blant anna derfor vi går ut med denne pressemeldinga, slik at dei kan få drive si verksemd lovleg utan konkurranse frå desse aktørane, seier Kenneth Henriksen i Troms politidistrikt.