Det var måndag ettermiddag at politiet fekk melding frå ein bekymra hundeeigar som hadde observert pølser fylde med barberblad lagt ut i turområdet Stevika i Kjerrgarden på Askøy utanfor Bergen.
Sonen til Janne Kjellevold Midtbø oppdaga pølsebitane då han gjekk tur i nabolaget med familiens hundar.
– Han ringde oss og var ganske opprørt, fortel Midtbø.
Han hadde sett at ein av hundane åt på noko. Da oppdaga han at det låg pølsebitar der, som han syntest var merkeleg. Han tok ein opp og fiska ut eit barberblad.
Det var sonen til Janne Kjellevold Midtbø som oppdaga pølsebitane da han gjekk tur med hundane.
Foto: Valentina Baisotti / NRKFamilien køyrde rett til veterinæren, og på vegen ringde dei til politiet.
– Da politiet kom fram på staden, hadde dei funne fleire pølsebitar med barberblad, og eit barberblad som låg i terrenget. I tillegg fant dei druer, sjokolade, avokado og løk liggjande langs stien, seier Midtbø.
Særleg sjokolade og druer kan vere farleg for hundar å få i seg.
– Det er jo veldig vondsinna gjort. Dei vil jo dyra vondt når dei gjer noko sånt. Det er jo ikkje berre hundar det kunne gått utover, det er jo ville dyr som kunne fått det i seg, seier ho.
Det var BA som omtalte saka først.
– Dette er sånn du berre les om
Ifølgje Midtbø, er dette ein sti som stort sett berre lokale askøyværingar bruker. Turstien er ein snarveg mellom to vegar over ei mark.
– Det var lagt greiner over inngangen til stien der. Eg trur dei som har gjort det er folk som ikkje vil at vi skal gå der, seier Midtbø.
– Eg har aldri opplevd noko liknande. Dette er sånn du berre les om, som skjer andre stader.
Hundane til Janne Kjellevold Midtbø.
Foto: Valentina Baisotti / NRKHo la ut eit innlegg i ein Facebookgruppe for lokalmiljøet som heiter Kjerrgardstavla. Då var det ein som kommenterte at ho hadde funne druer på same stad tidlegare.
– Dette er jo trygge og rolege Kjerrgarden. Du ser liksom ikkje for deg at det skal skje her, seier hundeeigaren.
Det gjekk heldigvis fint med hundane til familien Kjellevold Midtbø, men no ber både ho og politiet om at hundeeigarar i området er varsame.
Skjulte av greiner
– Pølsene skal ha lege utover marka og vore skjulte av greiner og liknande, seier stasjonssjef Atle Heradstveit ved Askøy politistasjon til NRK.
Politistasjonssjef Atle Heradstveit.
Foto: Sissel Rikheim / NRKPolitiet går no ut og åtvarar hundeeigarar som ferdast i området.
– Det viktigaste for oss no er å gjere folk obs på dette når dei går på tur i området med hundane sine. Det kan gjere stor skade dersom ein hund får i seg dette, seier Atle Heradstveit ved politistasjonen på Askøy.
Ingen mistenkt enno
Politiet har oppretta sak og seier dei ser alvorleg på hendinga.
– Det er heilt tydeleg at det dreier seg om ein person som ikkje likar at det ferdast hundar i området, seier Heradstveit.
Pølsene med barberblad skal ha lege utover marka og vore skjult av greiner.
Foto: PolitietHittil er ingen mistenkt i saka, men politiet har oppretta ein melding og starta undersøkingar.
– Eg vil jo vite kva som skjer. Om det er trygt å gå der og om dei klarer å få tak i dei som har gjort det, seier Janne Kjellevold Midtbø. Ho har no status som fornærma i saka.
Heradstveit har aldri vore borti liknande saker.
Tidlegare i år skreiv NRK om turgåarar som fant spiker i pølsebitar i eit populært turområde i Sarpsborg.