Hopp til innhold

Politidirektoratet: Nala må døy

Nala sin eigar klaga inn vedtaket om avliving til Politidirektoratet. No er saka ferdigbehandla, og dommen er klar. Nala må døy.

Hunden Nala

BORTE VEKK: Politiet og Politidirektoratet har bestemt at Nala må døy, men hunden er framleis vekke.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I vedtaket frå politiet står det at «På bakgrunn av sakens faktum finner Politidirektoratet at det er en reell fare for at lignende hendelser kan skje igjen dersom hunden ikke avlives.»

Hunden drap ein sau i september i fjor, og politiet ville at Nala skulle tvangsavlivast. Nala, som er ein blanding av Alaskian Malamute og labrador, vart angripen av sauen, fortalde eigaren den gongen.

– Dette er sjølvforsvar og ikkje aggressivitet.

Politiet i Gloppen presisertet at det var saueeigaren som melde frå om saka, men at det er politiet som krev hunden avliva. Dei har også venta på ei avgjerd frå Politidirektoratet før dei kan gjere noko vidare. Vedtaket om avlinga blei klaga på då hundeeigarane meinte det var gjort fleire feil i saka.

Hunden forsvann

I mellomtida har Nala forsvunne frå heimen på Sandane. For då hunden skulle leverast til politiet i desember, var den sporlaust vekke. Eigaren sa til NRK at Nala truleg var stolen fordi ho aldri hadde stukke av før. Han sa han ikkje var innblanda i bortføringa og frykta at dette ville svekke den vidare klagebehandlinga.

Ei avgjerd i saka har teke lang tid. Direktoratet skreiv først at behandlingstida kom til å bli på seks månader, innan 22. mai. Men avgjerda hadde då ikkje kome, og eigaren sa til NRK at ventetida tærte på familien og han.

Vedtaket er endeleg

No har altså vedtaket kome. Politidirektoratet meiner at det er «en reell og ikke ubetydelig risiko for nye angrep som ikke kan avhjelpes ved alternative tiltak». Dei meiner at det heller ikkje er aktuelt med omplassering av hunden. Det blir heller ikkje lagt vekt på at det er snakk om ein familiehund og at eigaren har ein sterk kjenslemessig tilknyting til hunden.

– Omsynet til ålmenta vil måtte vege tyngre enn nytteverdien for klagar då det i denne saka er tale om ein hund som har vist evne og vilje til eit betydeleg skadepotensial.

Vedtaket er endeleg og kan ikkje klagast på, men det kan takast vidare til domstolen for rettsleg prøving, skriv Politidirektoratet.

Hundeeigaren har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar om det endelege vedtaket.