Hopp til innhold

Politibetjent var grovt aktlaus då vådeskot gjekk av

Ein politibetjent braut fleire reglar då eit vådeskot frå ein pistol gjekk av i ein garasje på eit politihus i Vest politidistrikt i februar. Det er konklusjonen frå Spesialeininga for politisaker.

Politibetjenten gløymde at magasinet var sett i våpenet då vedkommande trakk av med pistolmunningen retta mot betonggolvet.

Spesialeininga kallar tjenestefeilen grovt aktlaus. Betjenten slepp bot eller straff, og saka blir avgjort med såkalla påtaleunnlating.

NRK RETTAR: NRK skreiv fyrst at det skjedde i garasjen på eit politihus i Bergen, men dette er feil.