Hopp til innhold

Politiaksjon Nav Åsane

  • HAR AVSLUTTA AKSJON:

    Politiet har avslutta den væpna aksjonen ved Nav-kontoret i Åsane. – Vi har leita etter mannen, førebels utan resultat. Dette blir følgt opp i løpet av ettermiddagen, seier operasjonsleiar Erik Gjesdal til NRK.

  • - VELDIG SKREMMANDE:

    – Han hadde ein trugande åtferd og dei tilsette vart veldig redde. Så me ringde politiet. Då stakk han av, fortel sosialsjef Jorun Eggen på Nav-kontoret i Åsane. Mannen øydelagde datamaskiner og anna elektronisk utstyr før han forsvann ut dørene. – Ingen vart skadde men det var veldig skremmande for dei tilsette.

  • Laster Twitter-innhold
  • HAR FORLATE STADEN:

    Fleire politipatruljar leitar no etter ein mann i slutten av 20-åra i området rundt Nav-kontoret i Åsane i Bergen. Politiet skal ha væpna seg i aksjonen. Mannen har oppført seg trugande mot dei tilsette på kontoret, og er ein kjenning av politiet.

  • – PERSON TRUGA PERSONALE:

    Politiet i Bergen har rykka ut til Nav-kontoret i Åsane. Ein person har oppført seg trugande og gjort skadeverk på kontoret. Operasjonsleiar Erik Gjesdal i politiet seier dei har fleire patruljar i området som ser etter vedkommande.