Hopp til innhold

Droppa russefeiringa for å bli arrestert

Tyri Vevle Tvinnereim (18) bytta russefeiring for å lenke seg fast og verte arrestert. I dag har politiet aksjonert ved Førdefjorden.

Her blir Tyri Vevle Tvinnereim bore vekk.

ARRESTERT: Her blir Tyri Vevle Tvinnereim fjerna med makt.

Foto: Fredrik Helland / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er ikkje slik at eg frydar meg over tanken på ei bot på 15.000, og vi veit det får store konsekvensar for oss, men vi er likevel villige til å gå til dette skrittet, seier Vevle Tvinnereim.

Demonstrantane protesterer mot planane om å dumpe gruveavfall i fjorden. Sju personar er arresterte og køyrde til arresten i Førde. I alt deltok eit titals politibetjentar i aksjonen onsdag føremiddag.

Siste, onsdag klokka 13:44: Politiet er på veg til Vevring igjen for å be nye demonstrantar som har lenka seg fast om å fjerne seg frå staden, skriv Natur og ungdom i ei pressemelding.

Planane om å dumpe gruveavfallet i Førdefjorden har skapt sterke reaksjonar. Naturvernrørsla har tidlegare også aksjonert mot planane.

– Som ein siste utveg er det verdt å sitte her, vel vitande om at vi om nokre timar sit på glattcelle, seier 18 åringen frå Bergen til NRK.

Sjølv sat ho fastlenka i ei gravemaskin då politiet kom og arresterte ho nokre minutt seinare.

Fastlenka i gravemaskiner i Vevring

INNANFOR GJERDET: Vevle Tvinnereim lenka seg fast i ei gravemaskin på området.

Foto: Nikolai Akse Helgås / NRK

– Tvungne til å be politiet om hjelp

Ei dryg veke etter at aksjonistar frå Natur og ungdom tok seg inn på anleggsområdet til Nordic Mining i Sunnfjord, er tolv politifolk på staden.

– Vi har blitt tvungne til å be politiet om hjelp, seier Kenneth Nakken Angedal, driftssjef i Nordic Mining om aksjonistane.

Då gav dei aksjonistane sjansen til å forlate området frivillig og brukte god tid på å snakke med dei i forkant. Men då tida gjekk ut, måtte politiet bere aksjonistane ut og frakte dei til politistasjonen i Førde.

Har løyve til å rive

Nordic Mining fekk i 2020 driftsløyve til å vinne ut mineralet rutil frå Engebøfjellet, men naturvernrørsla har klaga og anken ligg no på bordet til næringsdepartementet.

Likevel har gruveselskapet fått løyve til å starte riving av ein del hus og starte bygginga av anleggsområdet.

Då aksjonistane i førre veke tok seg inn på området, avslutta Nordic Mining arbeidet av omsyn til tryggleiken.

– Vi har ikkje noko ønske om å politimelde, men som tida går må vi vurdere om det blir naudsynt, sa Nakken Angedal.

Les også Agnes (16) reiste 500 kilometer for å lenke seg fast – vil stoppe gruveplanar

Agnes Lægreid

Ei veke inne i aksjonen vil ikkje Nakken Angedal talfeste kva aksjonane kostar Nordic Mining, men seier at det fort er snakk om millionrekningar.

Likevel skal det ikkje kome i vegen for gruvedrifta.

– Det vil ikkje ha nokon konsekvensar for realisering av prosjektet, seier han.

Her hentar politiet aksjonistane

HINDRAR ARBEIDET: – Denne saka er så viktig og vi har kjempa mot prosjektet so lenge at folk er villige til å sitte der, bli bore vekk, sitje på glattcelle og betale bota, seier Gylver.

Foto: Fredrik Helland / NRK

– No som politiet har fjerna demonstrantane vil vi planlegge å sette i gang arbeidet so fort som mogleg, men me trur ikkje det vil skje i løpet av dagen, seier driftssjefen.

Då politiet forlét staden, tok nye aksjonistar seg inn på anleggsområdet.

Aksjonistar på området

Ein av aksjonistane som har opphalde seg på anleggsområdet siste veka er 21 år gamle Mari Qviller, ho vedgår at ho er på ulovleg grunn.

– Dei har ikkje moglegheit til å arbeide når eg er her, men eg stoggar dei heller ikkje fysisk, seier ho.

Aksjonistane vil halde fram med den sivile ulydnaden, sjølv om dei er klare over at politiet kan bli tilkalla igjen for å avslutte aksjonen deira.

– Vi kjem til å fortsette å gå inn med nye aksjonistar når politiet har bore vekk dei førre, seier Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom om aksjonane.

Kor lenge vil de halde på?

– Vi kjem til å halde på så lenge næringsministeren treng, før han forstår bodskapen.

Mari Qviller står innanfor gjerdet.

INNANFOR GJERDET: Eg stoggar dei ikkje fysisk, seier Qviller

Foto: Fredrik Helland / NRK