Hopp til innhold

Braut seg inn på sjukehus og knuste inngangsdør i raseri

Ein mann i 20-åra er arrestert etter at han braut seg inn på eit sjukehus i Trøndelag.

Sykehuset Levanger

SYKEHUSET LEVANGER: Knust glas og inventar var synet som møtte folk på Sykehuset Levanger i Helse Nord-Trøndelag.

Foto: VEGARD WOLL / NRK

Mannen knuste seg gjennom inngangsdøra til Sykehuset Levanger.

– Vi ser alvorleg på dette, spesielt med tanke på at det skjedde inne på eit sjukehus der mange er sårbare. Vi ventar på svar om mannen er smitta, men han er i arresten fram til det, seier operasjonsleiar Rune Brandmo hos politiet i Trøndelag.

Laurdag ettermiddag kom det melding frå politiet om at mannen ikkje har testa positivt for Covid-19-viruset.

Mannen sa han var smitta av koronaviruset, og var fortvila over at han ikkje fekk hjelpa han meinte at han burde få.

Politiet var i kontakt med same mann tidlegare natt til laurdag fordi han bad om hjelp. Politiet tok med seg mannen til sjukehuset.

– Men han var tydelegvis ikkje heilt nøgd med behandlinga, og difor kom han tilbake og braut seg inn på sjukehuset, seier Brandmo.

Ifølge Trønder-Avisa skal det vere same mannen som fredag gjekk rundt og hosta på folk inne på eit kjøpesenter.

Helse Nord-Trøndelag opplyser at vakthaldet ved sjukehuset vert styrka laurdag kveld.

Sykehuset Levanger

SMITTA: Mannen i 20-åra sa han var smitta av koronavirus. No er mannen i arresten.

Foto: VEGARD WOLL

Spytta og hosta

I Bergen blei politiet spytta og hosta på av to menn. No blir begge politimelde.

– Vi ser alvorleg på dette. Det er særs utriveleg for mannskapet. I desse tider er dette trugslar som politiet slår hardt ned på, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Eivind Hellesund.

Politiet rykte ut etter melding om vald på ei privatadresse. Der møtte dei ein mann som hosta og harka mot patruljen.

– Mannen sa han var hadde fått påvist smitte av koronaviruset, noko som ikkje stemte, seier Hellesund.

Det stoppa ikkje med det. Politiet måtte avbryte fleire festar gjennom natta.

Nokre timar seinare natt til laurdag troppa ein politipatrulje opp på døra og blei møtt av spytteklyser.

– Ein rusa mann spytta fleire gonger på politipatruljen og sa han var smitta av koronavirus. Han sa at vi ikkje kunne arrestere han på grunn av smitte, seier Hellesund.

Mannen blei sett til av lege og måtte overnatte i arresten.

Det er langt frå første gongen at politiet må ta seg av personar som trugar med koronasmitte.

– Den siste tida har det vore personar som har brukt det bevisst mot politiet, seier operasjonsleiar Hellesund.