Hopp til innhold

Pokémon-fangar: – Målet er å catch 'em all

Over heile verda går folk rundt og fangar Pokémon på mobiltelefonane sine. Mange bruker timevis kvar dag på finne figurane.

Pokémon Go-spelarar i Førde

Ved rutebilstasjonen i Førde sit Aron Lothe Skjerdal, Jakob Obroslak og Nikodem Jasinski, og ventar på at dei animerte monstera skal dukke opp.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

– Målet er å ta alle. Eg vil i alle fall prøve. Det er sikkert veldig vanskeleg, men det går kanskje, seier Aron Lothe Skjerdal.

Pokémon Førde

FANGST: Aron Lothe Skjerdal fanga ein Drowzee. Han synest det er ein middels Pokémon.

Foto: Skjermdump

14-åringen er ein av mange som er biten av Pokemon-basillen. Du har sikkert sett dei. Barn og ungdom, og nokon vaksne som går rundt og ser ned i telefonen. Av og til stoppar dei. Då har dei funne ein Pokémon på telefonen. Då må dei kaste ein pokéball på pokémonen sånn at dei fangar pokémonen i ballen.

Sjølv om det berre er to dagar sidan spelet vart lansert i Noreg, har fleire spelt spelet i over ei veke.

– Ein kan finne dei overalt, men nokre plassar ute på bygda og slikt der er det mindre vanleg. Eg var på ferie hjå besteforeldra mine, der var det ingen Pokemon, seier Skjerdal.

Andreas Hadsel Opsvik - Filmpolitiet

FAN: Spelmeldar i NRK Filmpolitiet, Andreas Hadsel Opvsik meiner Pokemon bidreg på ein positiv måte. - Eg møter mange eg elles ikkje ville snakka med.

Foto: NRK / Erlend Laanke Solbu
– Får eit ekstra gir

Spelet er basert på tankegangen til ein spelutviklar som var særs glad i å fange insekt som barn. No er insektsamlinga flytta ut i den verkelege verda, og det har fått folk til å gå mann av huse.

– Det er noko veldig appellerande med det dyret, og ein får eit ekstra gir eller motivasjon når ein kjem seg ut og går i same slengen, seier spelmeldar i Filmpolitiet i NRK P3, Andreas Hadsel Opsvik.

pokemon

Pokemonfeber i Førde: Anders Aasen har fått pokemonfeber

Han meiner spelet minner om eit GPS-kart med figurar på. Han trur virtuelle spel ute i den verkelege verda er noko ein vil sjå meir av framover.

– Det har vore eksperimentering med liknande før, men når ein no ser at dei store pengane rører på seg, så vil nok andre også prøve seg på det same.

Får folk ut på tur

Spelet har fått unge som gamle opp av sofaen, og DNT ser også for seg å kunne dra nytte av spelet. Det har også kome meldingar om ungdomar som har klatra opp på tak og køyrt mot einvegskøyrde gater. Likevel meiner Opsvik at fordelane veg opp for ulempene ved at folk lever seg heilt inn i spelet.

– Det sosiale ved det er bra. Eg snakkar med folk eg vanlegvis ikkje ville snakka med, og vi utvekslar tips om å løyse oppgåver. Eg ser også at mange spelinteresserte, som kanskje ikkje rører seg så mykje til vanleg er ute og går.

For Skjerdal er det i alle fall ein ting som er viktigare enn noko anna når han er på jakt. Fullt batteri.

– Elles får eg ikkje gjort noko, og må gå heim midt i.