Hopp til innhold

Plutseleg oppdaga kona at Arnt var på kjøkenet til ei nederlandsk dame

Arnt hugsar ikkje når biletet av han er teke. Men no har han bytt kunst mot kunst.

Arnt Johannessen og Petra van Dalen, montasje med foto av måleriet av fotografiet av Arnt Johannessen.

OVERREKKING: Petra van Dalen og Arnt Johannessen under overrekkinga av måleriet. Til høgre, eit fotografi av måleriet av fotografiet av Arnt.

Foto: Petra van Dalen/Bekkjarvik gjestgiveri

– Det var jo eit veldig fint måla, og har ein kjempefin modell, seier Arnt Johannessen.

Han er kjøkensjef på Bekkjarvik gjestgiveri i Austevoll. Denne veka fekk han overrekt eit heilt spesielt måleri.

Nemleg eit måleri av eit bilete av Johannessen sjølv.

Måleriet av Arnt Johannessen på eit nederlandsk kjøken

Måleriet av Arnt var lengje på eit nederlandsk kjøken.

Foto: Petra van Dalen

Vart heilt tilfeldig oppdaga av kona

Måleriet si reise byrjar i Nederland, då Petra van Dalen bestemte seg for å læra å måla då ho kjeda seg under korona. Ho meldte seg opp til eit online-kurs.

Van Dalen er glad i matlaging sjølv, og ville ha eit bilete av ein kokk på kjøkenveggen.

– Eg fann biletet tilfeldig på nettet, og måtte sjå veldig nøye etter for å sjå kva som stod på kokkeskjorta, seier Van Dalen.

Men det fekk ho til, altså utan å vita kven ho hadde måla. Ho tok eit bilete av måleriet, og la det ut på Instagram med emneknaggen #bekkjarvikgjestgiveri i november i fjor.

Rundt to veker seinare oppdaga kona til Arnt biletet av måleriet.

– Eg sat og skrolla på tidstjuven Instagram. Så såg eg tilfeldigvis eit bilete av Arnt, som stod på kjøkenet til ei nederlandsk dame. Eg tenkte det var kult, seier Camilla Johannessen.

Ho seier ho ikkje har for vane å overvaka emneknaggen på Instagram.

Du var ikkje i tvil om at det var Arnt?

Det var Arnt. Det måtte vera det, seier Camilla.

Måleriet av Arnt Johannessen

Måleriet liknar mykje på biletet det er måla etter. – Målelæraren min online fortalde meg at ein må måla det ein ser, ikkje kva ein trur ein ser, seier Petra van Dalen.

Foto: Petra van Dalen

Fekk ikkje kjøpa biletet

Camilla vidaresende biletet til svigermor Asta Johannessen, som kontakta van Dalen.

– Fyrst kom det ei melding om at dei likte biletet. Eg tenkte det var det, seier målaren.

Så vart nederlendaren spurt om ho ville selja måleriet.

– Eg ville ikkje selja det, eg hadde brukt så mange timar på det, seier van Dalen.

Etter litt konferering med mannen sin, kom ho fram til at ho heller kunne spørja om eit byte.

– Eg spurde om me kunne byta min målekunst i litt kokkekunst, seier van Dalen.

Det ville Johannessen-familien i Austevoll gjerne vera med på.

Arnt Johannessen er mykje brukt på nettet

Biletet av Arnt Johannessen er mykje brukt som eksempelbilete av ein kokk på nettet.

Foto: Skjermdump / Google Lens

– Venskap for æva

Vinter vart til vår og vår til sommar, og biletet hang framleis på kjøkenet til van Dalen. Men onsdag kom altså måleriet av biletet til Bekkjarvik.

– Eg blir ikkje måla så ofte, det var ei ny oppleving. Det er triveleg at nokon ville ha meg på veggen, seier Arnt.

I byte mot måleriet fekk van Dalen og mannen to netter og ein middag på gjestgiveriet. Familien Johannessen var med på aperitiffen før maten.

– Dei er så nydelege folk, seier van Dalen, som laurdag var tilbake i Nederland.

– Me føler me har knytt vennskap for æva, seier Asta Johannessen.

Måleriet heng no heime på kjøkenet til Arnt.