Hopp til innhold

Plussgrader og regn gir «ekstremt glatte» fjellovergangar

Nedbør har ført til svært vanskelege køyreforhold på fleire av fjellovergangane i Sør-Noreg.

Glatt på Filefjell

FILEFJELL: Ole Bjørn Mo Grotte brøyter for harde livet på Filefjell.

Foto: Jaran Stårheim

Måndag kveld snudde vêret frå minusgrader til plussgrader og regn, og tysdag melder brøytemannskapa om svært glatte vegar.

– På Filefjell har det vore utfordrande dei siste timane. Eg har akkurat snakka med brøytemannskap som seier det er ekstremt glatt på heile fjellovergangen, seier trafikkoperatør John Andreas Omdal ved Vegtrafikksentralen Vest.

– For to dagar sidan var det 20 minus, og no er det 7 plussgrader. Det er kaldt på bakken og regnet fryser fort på bakken, seier Ole Bjørn Mo Grotte, som i dag køyrer brøytebil på Filefjell.

Fjellovergangen er open, men Vegtrafikksentralen oppmodar alle som ferdast om å vere ekstra på vakt og køyre forsiktig.

Strør for harde livet

Glatt er det også på Riksveg 15 Strynefjellet. Der er det stadvis glatt på grunn av regn på snødekt vegbane.

– Dei strør for harde livet der no, men det regnar og det er ikkje så lett å få gode forhold, seier trafikkoperatør Gry Solli ved Vegtrafikksentralen Øst.

OPPDATERING: Vegtrafikken melder at Strynefjellet er stengd.

Nedbøren skapar og utfordrande køyreforhold på E6 Dovrefjell, og E136 Dombås – Bjorli.

Det vert tilrådd å bruke kjetting på vogntog, men også andre trafikantar bør vere ekstra merksame i dag.

– Dei må rett og slett vere obs på at det er glatt. Og om dei ikkje vil køyre over der no desse timane når det regnar, så bør dei kanskje vente, seier Solli.

Riksveg 15 Strynefjellet

Kan ta fleire timar før køyreforhold betrar seg på fjellovergangane i sør Noreg.

Foto: Statens vegvesen

Kan ta fleire timar før køyreforholda betrar seg

– I vest vert det ganske mykje nedbør og lokal skodde ut over dagen i dag. Det seier statsmeteorolog Dina Stabel.

Først ut på dagen onsdag kjem nedbøren til å gi seg og det vert litt lågare temperaturar. For fjellovergangane betyr det utfordrande køyreforhold det neste døgeret.

– Vi har ute eit farevarsel om is på fjellovergangane i sør Noreg som varer fram til klokka 19. Men regn høgt til fjells så blir det glatte vegar, seier Stabel.

På Filefjell er vêret i ferd med å lette litt.

– No er det opplett og fem varmegrader, og eg byrjar å sjå blå himmel att. Men det varierer veldig, seier Grotte.