Ein nedgang i produksjonen i år var venta, etter det
.Men sommaren vart langt frå ideell for frukt- og bærbøndene i Vestland, og svikten vart kraftigare enn venta. Spesielt for dei med plommetre.
Prognosen på 566 tonn er ei halvering av fjorårets produksjon vestanfjells.
Truleg blir svikten endå større.
Trea til fruktbonde Eyvind Reme i Innvik bognar ikkje over av plommer. – Det var for kaldt. Biene har ikkje fått gjort jobben sin skikkeleg, sukkar fruktbonde Eyvind Reme i Innvik., konstaterer han.
Foto: Harald Kolseth / NRKDet er dårleg nytt for dei som er glade i norske, saftige plommer.
– Det ser ikkje bra ut, men det varierer frå felt til felt og plass i feltet. Nede ved sjøen er det ein del, medan det i høgda er mykje mindre, seier Eyvind Reme om sine felt med nær 8.000 plommetre i Innvik.
Klarer ikkje dekke etterspurnad
Gode vekstkår og nydyrka felt slo til i fjor, og resulterte i 1.800 tonn plommer på landsbasis. I år er altså soga ei heilt anna i år.
Ved Innvik Fruktlager venta dei å pakke 250 tonn plommer. No ligg dei an til kring 80 tonn.
Foto: Steinar Lote / NRKGartnerhallen er Noregs største leverandør av norske frukt, bær, grønsaker og poteter. Dei har kring 75 prosent av totalmarknaden på plommer, og distribuerte i fjor 1.400 tonn.
Kulturansvarleg Knut Amund Surlien seier prognosane i år fortel om 750 tonn. Med andre ord klarer dei rett og slett ikkje å dekke etterspurnaden.
– Til no har vi ein dekningsgrad mellom 20 og 25 prosent av etterspurnaden i butikk. Det er ganske lågt så langt ut i sesongen, seier han.
Med andre ord, alle kan ikkje få – heile tida. Truleg blir det tøffare prioritering av kva marknad som får plommer.
– Med årets produksjon klarer vi ikkje å dekke etterspurnaden. Kanskje vi klarer det under toppveka om ti dagar, seier Knut Amund Surlien i Gartnerhallen.
Foto: Fredrik Laland Ekeli / NRKMindre synlege
– Plommene blir mindre synlege, det blir vanskelegare å finne plommer overalt. Det er ikkje omsynsmessig å distribuere så pass lite volum til alle krikar og krokar i Noreg.
– Vi håpar på bra dekning av landet i eitt par veker, legg han til.
På landsbasis fortel prognosane om 1.100 plommer. Det betyr at austlendingane berga mykje av plommehausten.
– Vi ser i år at område rundt Lier og Svelvik har nesten like stor produksjon som Vestland fylke. Det er veldig uvanleg, seier Surlien.
Over heile fjøla
Blomstringa i Vestland starta bra, men sidan gjekk mykje skeis. Det fortel Leif Øie, fruktlagerinspektør i GrøntProdusentenes Samarbeidsråd.
– Sesongen hadde blitt betre med god pollinering. Men det var kjølig, så biene fekk dårlege arbeidsforhold.
Ved Hardanger Fjordfrukt venta driftsleiar Liv Sollesnes langt meir arbeid med plommer enn dei har fått. Det er likevel langt ned til 38 tonn botnåret 2020.
– I fjor hadde vi 500 tonn. Vi har til no pakka kring 30 tonn, og ventar å ende opp med kring 100 tonn.
Dagleg leiar, Anita Roset, ved Innvik Fruktlager
Foto: Harald Kolseth / NRKAvlingssvikten kjem med ei rekkje negative ringverknaden. Dårlegare inntening for bonden, færre hender i sving og mindre tilbod.
– Det er hardt for økonomien både for produsentar og pakkeri. Det er ikkje noko god situasjon å vere i, seier Anita Roset, dagleg leiar ved Innvik Fruktlager.
– Får de att på prisen?
– Det er eit godt spørsmål. Eg tvilar på at ein klarer å hente inn heile tapet. Det er for lite å omsetje på, men det blir prisauke.