Hopp til innhold

Planlegg 800 hytter ved skisenter

Grunneigarar i området rundt Sogn skisenter i Heggmyrane på Hafslo har planar om 800 hyttetomter.

Heggmyrane om sommaren

STORE PLANAR: I dette området kan det i framtida komme 800 nye hytter. Skitrekk ligg omtrent midt på biletet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Hyttefeltet vil strekkje seg frå botnen av skianlegget, til toppen av fjellet over Hafslo, skriv Sogn Avis.

I samarbeid med studentar på landskapsplanlegging- og fornybar energistudiet ved høgskulen, freistar grunneigarane å få til ei utforming av prosjektet der ein tek omsyn til miljøet og terrenget rundt.

Studentane ønskjer at lokalbefolkninga og kommunen skal setje seg inn i planane slik at dei kan setje krav til utbygginga av anlegget. For endringane i terrenget vil bli veldig synlege.

– Hafslo er eit viktig nasjonalt kulturlandskap og dette må arkitektane ha i bakhovudet når planane skal realiserast, seier studenten Fredrik Johannesen til Sogn Avis.

Studentane har også sett på andre endringar i området. Dei ser mellom anna for seg å fjerne ein del tre slik at det blir betre forhold for frikøyrarar og lage ein terrengpark med skihopp og rekkverk ein kan trikse på. Studentane ser også for seg ein stolheis av turistar som vil til høgfjellet, både sommar og vinter.