Hopp til innhold

Planen om kortare Bergensbane går på skinner

Kortare reisetid med toget mellom Bergen og Oslo kan verte ein realitet raskare enn mange hadde håpa på. Det statlege selskapet Nye Vegar får nemleg ansvaret for å byggje Ringeriksbanen og ny E16.

Finse stasjon

FINSE: Viss alt går etter planen kan dette toget konkurrere med flytrafikken mellom Oslo og Bergen i 2028.

Foto: Ingolf Nistad / Flickr

Det kjem fram i ein lekkasje frå revidert nasjonalbudsjett som vert presentert 11. mai.

– Det viktigaste for oss er at prosjektet får oppstart, seier dagleg leiar i Forum Nye Bergensbanen, Hilde Magnusson.

Ho er positiv til at det blir lagt trykk på prosessen, etter at lekkasjar har vist at Samferdselsdepartementet tar sikte på å inngå ei avtale med Nye Vegar i juni 2021.

Ifølgje Forum Nye Bergensbanen, er dette eit stort skritt på vegen for å få realisert fellesprosjektet.

I dag tar Bergen - Oslo med tog sju timar. Viss banen blir bygd, kjem det til å korte ned reisetida med omtrent ein time.

Nye Vegar AS er eit norsk statsaksjeselskap som vart oppretta i 2015, og har ansvaret for utbygging av visse motorvegar.

No har dei òg fått Ringeriksbanen og E16 til å bryne seg på, når fleire tilsette i Bane Nor blir flytta over til Nye Vegar.

– For oss har det vore viktig at det er framgang i prosjektet, og det er eit stort press på jernbaneprosjekt i Noreg. Derfor har det vore knytt mykje spenning til kva prosjekt som har blitt prioritert vidare i Nasjonal transportplan, seier Magnusson.

Hilde Magnusson, Forum Nye Bergensbanen

NØGD: Leiar i Forum Nye Bergensbanen, Hilde Magnusson.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Kan konkurrere med fly på same strekning

Yvonne Torgersen Hetlevik er leiar i Vy Tog Vest, og gler seg over utviklinga. Ho meiner at dette kan føre med seg store konsekvensar for korleis ein reiser mellom dei to største byane i Noreg.

– Dette blir ein vesentleg forbetring av reisetida mellom Bergen og Oslo, som gjer at me kan bli ein reell konkurrent med flytrafikken, seier Torgersen Hetlevik.

Yvonne Torgersen Hetlevik. Direktør, Vy tog Vest

VIL KONKURRERA MED FLY: Leiar i Vy Tog Vest, Yvonne Torgersen Hetlevik.

Foto: Vy

Ifølgje Bane Nor kan ein klippe snora for Ringeriksbanen og E16 i 2028/2029.

Torgersen Hetlevik er usikker på om det er eit realistisk mål.

– Me ser at det er noko mindre rammevilkår som er sett inn i forbindelse med nye vegar. Tilbakemeldingar seier at det ikkje er sett ei avslutningstid på Ringeriksbanen, dessverre, seier Hetlevik.

– Er oppstartstidspunktet meir konkret?

– Regjeringa har sagt at planane som er lagt til grunn skal tilarbeidast av Nye Vegar. Då byrjar ein ikkje på null, og me håpar og trur at oppstarten kjem i gang.

Valåret 2021

Ønsket om å bygga Ringeriksbanen for å korte ned reisetida mellom Oslo og Bergen er ikkje noko nytt.

Det vart fyrst vurdert i 1858, og Stortinget har stemt over det i 1954, 1978, 1984 og 1992. I 1992 vart forslaget til og med vedteke, men ikkje følgd opp med finansiering. Så kva er det som er annleis denne gongen?

Hilde Magnusson seier at sidan avtalen skal mellom Samferdselsdepartementet og Nye Vegar skal inngåast i juni, er det eit signal om at denne gongen går det.

– Det kan bli krevjande for ein eventuell ny regjering til hausten, som ikkje ynskjer at Nye Vegar skal ha prosjekt i samferdselssektoren i Noreg, seier Magnusson.

Revidert nasjonalbudsjett blir lagt fram 11. mai.