Hopp til innhold

Pipebrann på Stord

Politi og brannvesen rykka like etter midnatt ut etter melding om ein pipebrann i eit eldre bustadbus i Sagvåg på Stord. Brannen førte til ulming i ein vegg, men brannvesenet fekk kontroll på staden. – Det var stor varme rundt pipa, og brannvesenet reiv ned veggen der det ulma. Dette kunne utvikla seg til ein bustadhusbrann, men det blei ikkje dramatisk, seier operasjonsleiar Rune Plassen i Sør-Vest politidistrikt.