Hopp til innhold

Pinseprofessor vekker oppsikt: Meiner homofilt ekteskap kan aksepterast

Ny tolking av Bibelen meiner homofilt ekteskap er betre enn heterofile med «flyktige samlivsformer».

Gudstjeneste i Salt

MOTSTAND: Salt Bergenskirken har skapt eit nytt og meir moderne uttrykk for Pinsebevegelsen. Men den nye homofili-tolkinga blir ikkje tatt godt imot her.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Eg deler draumen om at ein gong skal alle dei som ønsker å dela livet med nokon dei elskar kunna gjera det utan hindring, seier Terje Hegertun til NRK.

Han har skrive den dagsferske boka «Det trufaste samlivet». Den har på få dagar skapt heftig debatt og utfordrar det frikyrkjelege og lågkyrkjelege synet på samliv.

I 2017 opna Den Norske Kirke for vigsel av likekjønna par i 2017.

Men framleis er det mange bedehusmiljø og frikyrkjer som har eit konservativt syn på det å leve ut homofil legning.

No argumenterer Hegertun for at konservative frikyrkjelydar likevel kan opne opp for nettopp likekjønna par – og framleis vera konservative.

Ok så lenge ein er trufast

Hegertun, som er pinseven og professor ved MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn i Oslo, har forska på homofile sin plass i kyrkja. Dette i lys av den kristne tradisjonen som har som mål å løfta fram truskap og ansvar innan samliv.

Det har vore mykje bråk i Den norske kyrkja om temaet tidlegare.

No er den store debatten komen til Pinsebevegelsen, ei av dei konservative frikyrkjelege bevegelsane når det gjeld bibeltolking.

Terje Høgertun har kome med boka "Det trofaste samlivet"

TRUFAST: I den nye boka si «Det trufaste samlivet» tar Terje Hegertun til orde for at frikyrkjelydane skal godta homofile som vel å leva i trufaste parforhold.

Foto: Dan Aksel Jacobsen / Verbum forlag

Han meiner det er betre å leva i ansvarlege parforhold enn det han refererer til som ei meir flyktig samlivsform.

– Så det vil seie at eit ekteskap mellom to av same kjønn, så lenge det er trufast og ansvarleg, er betre enn flyktige heterofile forhold?

– Ja, i den grad ein er einige om å etablera eit samliv, tenker eg nok at det på mange måtar er dei same etiske verdiane og kvalitetane som eg finn i den lange kristne tradisjonen og bibeltekstane.

Hegertun fortel at han har snakka med kristne homofile som synest det er vanskeleg å vera opne om legninga si i enkelte kristne miljø.

– Og dei kjenner seg gjerne heller ikkje fortruleg med ein homokultur som dei ikkje er ein del av. Dei fell ofte mellom fleire stolar.

Nettopp dette er noko av det Hegertun problematiserer, og ønsker å endra med boka si.

Svarar: – Ekteskap er for mann og kvinne

Den ferske boka har allereie skapt kraftige reaksjonar.

– Eg synest det er leit at ein så dyktig og respektert pinseteolog landar på ein så liberal posisjon i spørsmålet om homofilt samliv, seier forfattar og teolog Espen Ottosen til Dagen.

På leiarplass i same avis blir boka kalla eit «teologisk havari». Vårt Land har òg skrive om saka.

– I bevegelsen vår er me einige om at ekteskap er for mann og kvinne, og dette er det klassiske synet på ekteskapet som er rådande i pinsebevegelsen i Noreg, seier pastor Øystein Gjerme i Salt Bergenskirken.

Han er leiar for pinsebevegelsens leiarråd i Noreg, og ønsker samtalen som Hegertun byr opp til velkommen.

Regnbueflagget

OPENHEIT: Boka har som mål å skape debatt om homofili i Pinsebevegelsen. Det har ho allereie klart.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Me er jo prega av livsforteljingane til dei kristne homofile som har hatt det vanskeleg, opplevd utanforskap, og opplevd at me ikkje tar situasjonen deira på alvor. Det må me høyra på.

Men Gjerme står fast ved at både kyrkjelyden hans, og han sjølv, trur at ramma for det kristne ekteskapet er mellom ein mann og ei kvinne.

– Det er likevel heilt klart at myndigheitene skal ha ordningar for forpliktande samliv mellom to av same kjønn, legg han til.

Håpar på dialog

– Me håpar dette kan bidra til at fleire i pinsebevegelsen tør å uttrykka sin støtte til dei av oss som er LHBT-personar, seier leiar Elisabeth Meling i Skeivt Kristent Nettverk.

Ho fortel at det skeive nettverket er veldig takksame for boka til Hegertun. At det vil ta tid å endra haldningar, er ho ikkje i tvil om. Ho håpar likevel boka vil bidra til ein meir nyansert dialog og debatt.

– Eg håpar det vil føra til ein annan måte å møta dei av oss som er skeive på, seier Meling.

Les også: Med pop og EDM har pinsebevegelsen stått opp igjen – NRK Vestland

Elisabeth Meling

HÅP: Leiar Elisabet Meling i Skeivt Kristent Nettverk håpar boka til Hegertun vil skapa debatt, og at ho vil føra til at LHBT-personar opplever meir støtte.

Foto: Silje Rognsvåg / NRk