Direktør Kees Oscar Ekeli fortalde fredag ettermiddag at dei ville få dispensasjon frå Mattilsynet til å halda dei åtte pingvinane utandørs.
Vil ha vaksine
Han har tidlegare søkt om å få vaksinert pingvinane, men fekk avslag på dette. No vil han søkja på nytt.
- Dei vaksinerer i heile Europa, og det faglege grunnlaget for å avslå slike søknader i Noreg er ikkje tilstades, meiner Ekeli.
Pål Fennel er distriktssjef i Mattilsynet. (Foto: Eli Bjelland/NRK)
Føre-var-tiltak
Sjansen for at fugleinfluensa skal bli introdusert med villfugl til Noreg er no stor, skriv Mattilsynet på sine nettsider.
Fennel avdramatiserer likevel situasjonen.
- Dette er eit føre-var-tiltak. Me ønskjer no å vera meir i førekant med tiltak enn det andre land har vore. Ingenting har endra seg i situasjonen, men me har funne ut at det blir vanskeleg å ha forbod i nokre fylke og ikkje i alle, forklarer han.
- Sei ifrå om du finn daude fuglar
Mattilsynet oppmodar framleis folk om å melda frå om dei finn daude fuglar.
Til no har dei fått inn 18 seriøse meldingar frå privatpersonar, og to fuglar frå fylket er førebels sende til Oslo for analyse