Hopp til innhold

Pilotprosjekt har minska feilmedisinering av eldre

EID (NRK): Ein tredel av pasientane på sjukeheim brukar medisinar dei ikkje skulle brukt. Eit pilotprosjekt i Nordfjord har ført til færre feil, og meir kunnskap hos dei tilsette.

Kine Guldahl (Sjukepleiar, Eid eldretun)

GLAD: Kine Guldahl er sjukepleiar på Eid eldretun og er godt nøgd med prosjektet dei er med på, for å unngå at dei gjev pasientane medisinar dei ikkje treng.

– Eg er mest redd for å gje feil medisin til feil pasient, så eg seier namna deira fleire gonger til dei og får dei til å stadfeste det, seier sjukepleiar Kine Guldahl ved Eid eldretun.

Ho går rundt på sjukeheimen og gjev pasientane sine daglege dosar med medisin. Men i legemiddelmeldinga frå i fjor kom det fram at ein tredel av pasientane på norske sjukeheimar brukar medisinar dei ikkje har brukt for.

Det kan få alvorlege konsekvensar for pasienten, men eit pilotprosjektet i Nordfjord har luka vekk mange av feilmedisineringane.

Medisinar mot si verknad

I Norge utgjer personar over 65 år om lag 15 prosent av befolkninga, men dei står for halvparten av forbruket av reseptbelagde legemiddel.

Mykje kunne vore unngått, og i Nordfjord samarbeider sjukepleiarar med farmasøytar for å luka vekk medisinane dei eldre ikkje treng.

Randi Nyhammer-Taklo (Rådgjevande farmasøyt, Sjukehusapoteket i Førde)

Randi Nyhammer-Taklo er rådgjevande farmasøyt ved sjukehusapoteket i Førde.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Enkelte medisinar verkar mot dei andre medisinane. Ein pasient som har jernmangel og tar jerntablettar kan til dømes få andre medisinar som gjer at pasienten ikkje tar opp jernet, seier Randi Nyhammer-Taklo, som er rådgjevande farmasøyt ved sjukehusapoteket i Førde.

Om ein pasient får feil medisinar kan det få helsemessige konsekvensar.

– Eldre er meir sårbare for biverknader enn yngre. Feil medisin kan føre til at dei får dårlegare hukommelse eller vert meir forvirra, seier Nyhammer-Taklo.

Til stor hjelp

Både farmasøytar og sjukepleiarar er godt nøgd med prosjektet.

– Vi har fått auka kompetansen og det har gjort til dømes eldre pasientar har fått ein meir riktig dose. Vi bruker mindre medisinar enn før, seier Sonja Edvardsen som er avdelingssjukepleiar ved Eid eldretun.

Ho merker at dei tilsette er meir interessert enn tidlegare.

– Vi får fleire spørsmål om legemiddel og får til gode diskusjonar. Det viser at dei tilsette vil ha meir kunnskap om medisinar, seier Edvardsen.

Sonja Edvardsen (Avdelingssjukepleiar, Eid eldretun)

Avdelingssjukepleiar ved Eid eldretun, Sonja Edvardsen.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK