Hopp til innhold

Piloten redda truleg liv: – Svømde ned i helikopteret og henta passasjer

Piloten Quentin Smith redda truleg livet til ein eller begge passasjerane etter helikopterstyrten i Bergen.

Quentin Smith

SVØMDE NED OG FEKK UT PASSASJER: Den erfarne helikopterpiloten Quentin Smith.

Foto: Nick Harvey/REX/Shutterstock / NTB Scanpix

Det var den erfarne piloten Quentin Smith (52) som sat bak spakane då eit helikopter styrta i sjøen på Sandviksflaket onsdag førre veke.

Totalt tre personar var om bord då det gjekk gale for helikopteret, som var i ferd med å gå inn for landing på yachten «Bacarella». No får piloten ros for å truleg ha redda livet til ein av passasjerane.

– Helikopteret hamna fort i vatnet, og flygaren forstod at det var fare for at det ville søkke. Sjølv kom han seg raskt ut, men dukka ned igjen og inn i helikopteret. Der fann han ein av passasjerane, som ikkje kom seg ut sjølv. Han klarte å få ut vedkommande, seier undersøkingsleiar Hans Herdahl i Statens havarikommisjon.

Det var BT som først omtalte saka.

Unngjekk at helikopteret sank

Den andre passasjerane kom seg ut sjølv, mykje på grunn av at flottørane i helikopteret var løyst ut.

– Då piloten dykka ned klarte han å kome seg inn i cockpit og utløyste flottørane. Dermed sikra han at helikopteret ikkje sank med to passasjerar om bord, seier Herdahl.

Ein 57 år gamal mann er framleis kritisk skadd etter ulukke, men Herdahl kan ikkje svare på om det er vedkommande som vart redda ut av piloten.

– Dersom helikopteret hadde sokke med desse to om bord, er risikoen vesentleg større for at ulukka ville få eit meir alvorleg utfall, seier Herdahl.

– Så det er tydeleg at piloten var erfaren?

– Ja, det kan ein seie.

Bensintank på Bacarella

BENSINTANKEN: Her er tanken som trekket kom flygande frå. Den var nett tatt om bord på båten, opplyser Havarikommisjonen.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Tidlegare er det bekrefta at ulukka skjedde då eit laust trekk hamna i rotoren.

Piloten har allereie fått skryt frå Havarikommisjonen, fordi han oppdaga kva som var i ferd med å skje, og forsøkte å løfte helikopteret unna ved å stige.

Statens havarikommisjon har gjennomført innleiande undersøkingar av ulukka.

Sjå video frå helikopterstyrten her:

To videoer fra vitner viser den dramatiske krasjen i Byfjorden i Bergen. Foto: Knut Farestvedt / vitne fra politiet