Vegvesenet melder at ein person er lettare skada, og at ein personbil har store skader i fronten etter uhellet som skjedde i samband med kolonnekøyring tysdag ettermiddag. Skadane på føraren skal vere sårskadar etter å ha fått glasbitar i andletet.
Politiet seier vidare at føraren av bilen er ein mann i slutten av 50-åra.
I fleire dagar har fjellreinskarar arbeidd på staden der eit steinsprang gjekk måndag 18. juli. Mens arbeidet held på er riksveg 13 over Vikafjellet mellom Vik og Voss er stengd med kolonnekøyring kvart 90. minutt.
Under den eine kolonnekøyringa tysdag blei den eine bilen treft av ein stein.
– Steinen som kom ned trefte fronten på bilen, seier Tom Erik Englaugstad, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen.
Byggeleiar i Statens vegvesen, Geir Ove Engebø, seier at steinen kom frå ein stad der dei endå ikkje hadde starta reinsking av fjellet.
Stenging og køar
Vegen er stengt som følge av hendinga, og det er uvisst kor lenge stenginga vil vare. Vegtrafikksentralen skriv på Twitter at ny vurdering om opning vil takast onsdag kl. 14:00.
– Vi opnar ikkje med mindre det er trygt, seier Engebø i Statens vegvesen.
Det var lenge lange køar på begge sidene av rasstaden.
– Mange bilar har etter kvart snudd og køyrt tilbake til Vik, seier Odd Inge Gjeraker til NRK klokka 16:28.
Tidlegare i dag skal det ha vore omtrent 80 bilar i kø på Vik-sida ved rasstaden.
Foto: Odd Inge GjerakerØnsker tunnel gjennom Vikafjellet
Ordførar i Vik kommune, Roy Egil Stadheim, seier han ikkje er overraska over at nye ras skjer på strekninga. No ønsker han å auke midlane til rassikring.
– Det er utruleg viktig at vi får sikra vegane for ras på ein skikkeleg måte, seier han.
Men ordføraren påpeiker vidare at rassikring ikkje er nok, og at den einaste sikre løysinga for å hindre framtidige uhell er tunnel gjennom Vikafjellet.
Slik såg det ut då steinane kom ned i vegen 18. juli. I samband med rassikring vart ein bil treft tysdag ettermiddag.
Foto: Noralv Pedersen / NRK