Kvinne påkøyrd av Bybanen i Bergen

Tatt med av ambulanse, men skal ikkje ha vore alvorleg skadd.

Person påkøyrd av Bybanen

POLITI: Politibetjentar snakka med vitner som såg påkøyrsla.

Foto: Therese Pisani / NRK

Ulukka skjedde ved stoppet på Nonneseter, ved jernbanestasjonen, like før klokka 14.00.

Det er ei kvinne som er påkøyrd, opplyser politiet. Ho er frakta vekk frå staden i ambulanse. Skadeomfanget er ikkje kjent, men ho skal ikkje ha vore alvorleg skadd.

Politiet er på staden og avhøyrer vitner. Bybanen går som normalt igjen.