Person knivstukken i Bergen – gjerningspersonar framleis på frifot

Ein mann i 20-åra blei stukke med kniv fleire stader på kroppen Bergen onsdag kveld. Politiet hentar inn videoovervaking i jakta på ein eller fleire gjerningspersonar.

Håkonsgaten i Bergen

HÅKONSGATEN: Det var i denne sentrumsgata knivstikkinga skjedde. Arkivfoto.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Politiet blei kontakta av AMK-sentralen onsdag kveld klokka 22.46. Meldinga gjekk ut på at ein person var blitt knivstukken i Håkonsgaten i Bergen sentrum, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding torsdag morgon.

Den fornærma er ein mann i 20-åra.

Politi og ambulanse var på staden etter kort tid, og den skadde blei frakta til Haukeland universitetssjukehus for behandling.

– Det er ikkje snakk om livstrugande skader, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i politiet.

Fleire stikkskadar

Den skadde var medviten då han blei teken hand om av helsepersonell.

Mannen skal ha blitt påført fleire stikkskadar.

– Vedkomande er påført kuttskadar fleire stader på kroppen, utan at eg kan gå noko meir i detaljar på det, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik.

Det er ukjend årsak til hendinga, og til eit eventuelt kjennskap mellom partane.

Ingen arresterte

Politiet veit ikkje om det var ein eller fleire gjerningspersonar bak knivstikkinga. Vedkomande hadde forlate åstaden då naudetatane kom fram.

Trass store søk er det ikkje gjort arrestasjonar i løpet av natta og heller ikkje utover torsdagen.

– Vi har avhøyrd vitne og vi har også avhøyrd fornærma på Haukeland universitetssjukehus, fortel politiadvokat Markus Monsen til NRK.

Han seier politiet har ingen mistenkte så langt. Han vil ikkje kommentera om dei har konkrete namn på blokka.

– Vi jobbar med å innhente videoovervaking frå ulike stader i bybildet. Vi vil prioritere å identifisere gjerningspersonane. Vi er heilt i startfasen i etterforskinga.