Hopp til innhold

Mann i 40-åra flogen til Haukeland etter ulukke under trefelling

Ein mann i 40-åra er flogen til Haukeland Universitetssjukehus, etter å ha fått eit tre over i Meland i Alver, opplyser politiet. Mannen var i eit følgje på fire som dreiv med trefelling i privat regi då ulukka hende.

– Han har fått nokre hovudskadar, det er uvisst om han har andre skadar. Han var medviten då han vart flogen til sjukehus, seier operasjonsleiar Tore André Brakstad i Vest politidistrikt.