Hopp til innhold

Her blir mannen i 40-åra berga etter formidabel redningsaksjon

Ein mann i 40-åra er no berga trygt ned frå det stupbratte fjellområdet Hoven i Loen etter ein svært vanskeleg redningsaksjon i natt.

Her bergar dei mannen som datt på Via ferrata i Loen.

SAMARBEID: Her klarer den alpine redningsgruppa og mannskap frå Røde Kors å berge mannen som falt i det bratte terrenget.

Foto: Røde Kors

– Det har vore eit unikt samarbeid mellom den alpine redningsgruppa og Røde Kors i natt, seier politiet sin innsatsleiar, Morten Hagen.

Mannen falt utfor i den ekstremt bratte Via ferrata-løypa på veg opp mot fjellet Hoven og fekk sjølv varsla ein kamerat som igjen varsla AMK.

Rett før klokka 21 i går kveld kunne ein setje i gang den vanskelege redningsaksjonen.

Ulukka skjedde like ved den smale brua som er bygd over juvet oppe i fjellet, 750 meter over havet. Det er 160 meter rett ned frå brua til ei steinur.

Med snø i lufta og isande kald vind, blei mannen liggande skorfast i fleire timar før redningsmannskap klarte å ta seg ned dit han låg.

Gjennom natta klarte dei å frakte mannen på båre opp langs den stupbratte fjellsida og opp til Hoven, der dei trygt kunne ta gondolbana ned til fjorden med pasienten.

Mannen blei pakka inn med varmepledd for å hindre nedkjøling. Sjukehuset melder at han har fått moderate skader og er stabil.

Mann frå Røde Kors under redningsaksjon i Loen.

VANSKELEG AKSJON: Her står ein av Røde Kors sine folk på staden der mannen datt utfor.

Foto: Røde Kors
SAMARBEID: Her klarer den alpine redningsgruppa og mannskap frå Røde Kors å berge mannen som falt i det bratte terrenget.

Krevjande oppdrag

– Dette er eit av dei meir krevjande oppdraga som har vore og det har vore eit utruleg godt samarbeid oppe i fjellet, seier Hagen.

Mannen var godt kjend i området og hadde lagt ut på tur aleine. Det er framleis uvisst om han var sikra med sele då han falt.

Rett før klokka åtte i dag tidleg kom redningsmannskapa ned til fjorden med den skadde mannen.

Han er no frakta med redningshelikopter til sjukehuset i Ålesund.

– Han har vore medviten heile natta, men skadeomfanget er ukjend, opplyser politiet.

Brua over Via ferrata i Loen.

EKSTREMT BRATT: Like ved brua falt mannen og skada seg. Via ferrata i Loen er eit svært populært, men krevjande turområde.

Foto: Jan Heggheim

– Formidabel redningsaksjon

Hovudredningssentralen for Sør-Noreg blei tidleg involvert med helikopter.

På grunn av vêrforholda kunne ikkje helikopteret fly heilt inn i området.

Hovudredningssentralen i Sør-Noreg (HRS) skryt av innsatsen til redningsmannskapet.

– Dette er ein utfordrande redningsaksjon. Det er tøffe forhold og kaldt der oppe. Det er lagt ned ein formidabel innsats, seier vaktleiar Johan Mannsåker i HRS.

Politiet fekk melding om ulukka rett før klokka 21 via AMK.