Hopp til innhold

Mann i 20-åra omkom etter å ha hamna i elv i Sogndal

Politiet etterlyser vitne etter at ein mann i 20-åra vart funnen død i Sogndalselvi.

_MG_9962

SOGNDAL: Politioverbetjent Svein Inge Krogh Harberg opplyser at det er ukjent årsak til hendinga.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

Politiet stadfestar onsdag morgon at dei pårårønde er varsla etter at ein mann i 20-åra omkom etter at han fall i Sogndalselvi tysdag.

Mannen vart erklært død av lege på staden klokka 16.00, etter forsøk på hjarte- og lungeredning.

Alle nødetatar vart sende ut då politiet i Sogndal fekk melding frå forbipasserande om ein person i Sogndalselvi.

Meldinga kom 14.43.

Det er mykje vatn og sterk straum i elva, men foreløpig uklart kva som har skjedd.

Mannskap frå brannvesenet var først på staden og henta mannen opp på eit berg i elva.

Klokka 15.48 landa ein luftambulanse frå Bergen. Sidan kom også eit redningshelikopter frå Florø.

Det er tøft arbeid for alle involverte når utfallet er så tragisk, seier politioverbetjent Svein Inge Krogh Harberg.

Han opplyser at årsaka til hendinga er ukjent, og at dei så langt ikkje kjenner identiteten til personen.

Vi ber om at vitne til hendinga tar kontakt med politiet på telefon 02800.

_MG_9907

Svein Inge Krogh Harberg er innsatsleiar på staden

_MG_9889
Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK
IMG_3070
Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK
IMG_3069
Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK
_MG_9891
Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

Sogndalselvi er ei elv i Sogndal kommune i Sogn og Fjordane. Den er hovudelva i Sogndalsvassdraget og renner frå Dalavatnet til Sogndalsfjorden.

_MG_9913
Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK