Hopp til innhold

Person funnen død i fritidsbåt

Ein person er funnen død om bord i ein fritidsbåt som ligg til kai i Bergen.

Politiet blei varsla klokka 06:40 i dag tidleg.

– Politiet har per no ingen mistanke om at det har skjedd noko straffbart. Politiet vil gjere undersøkingar og avdøde vil bli obdusert, opplyser Morten Rebnord, operasjonsleiar, Vest politidistrikt.

Avdøde er ikkje formelt identifisert men politiet har ei meining om kven personen er.

marineholmen 2
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK