PERSON FALL UT AV VINDAUGE:

Politiet fekk klokka 22.46 melding frå AMK om at ein person hadde falle ut av eit vindauge ved Sydneshaugen i Bergen sentrum. – Personen var då medvitslaus, seier operasjonsleiar Preben Vallestad i Hordaland politidistrikt. Politiet har sendt patruljar til staden som skal undersøka kva som har skjedd. Ifølgje Vallestad veit dei ikkje kva etasje vindauget personen skal ha falle ut er i.