Per J. Husabø er død

Tidlegare stortingsrepresentant Per J. Husabø frå Leikanger er død, vel 83 år gamal.

Per J. Husabø

Per J. Husabø representerte Kristeleg Folkeparti på Stortinget frå 1977 til 1985. Før det var han vararepresentant frå 1973 til 1977.

Husabø var utdanna ved Statens Gartnerskole (1951) og var hagebrukskandidat ved Norges Landbrukshøgskole (1957). Etter nokre år som forskar i Danmark og vitskapeleg assistent ved landbrukshøgskolen på Ås kom han heim til heimbygda og vart forsøksleiar ved Statens forsøkssstasjon på Njøs i 1965.

Der fekk han bruke det han hadde lært om fruktdyrking, og han var med på få fram nye fruktsortar som var godt tilpassa klimaet ved Sognefjorden.