Hopp til innhold

Per Egil er første Flo med cup-gull

Det har etter kvart blitt mange fotballspelarar med namnet Flo. Men Per Egil er den første med cup-siger trass i at slekta har fostra mange store namn.

Flo-slekta

FLO: Alle heiter Flo. Alle har hatt si tid på fotballbana. Men berre Per Egil Flo (nede t.v.) har vunne cupgull. F.v.oppe: Håvar Flo, Tore Andre Flo. Nede t.v.: Per Egil Flo, Jostein Flo og Ulrik Flo.

Foto: montasje / NRK

– Eg er ikkje misunneleg. Det er jo berre hyggeleg det at han får oppleve det. Han viser at det er mogleg, seier Jostein Flo.

Bak Flo-namnet finn ein nesten eit heilt fotballag av fotballtalent. Namn som Tore André Flo, Håvard Flo, Kjell Rune Flo, Jarle Flo, Ulrik Flo og Jostein Flo.

Eller vent. Jostein meiner det for så vidt er få talent i Flo-familien.

– Ser ein på oss Flo’arar under eitt, så er det ikkje mykje talent i grunn, ler han og held fram. – Du har Tore Andre. Han er eit talent. Elles er Flo-folket kjent for å vere hardtarbeidande spelarar som jobbar oss fram. Flo-slekta er kjent for å gode og sunne haldningar og sterke mentalt, seier han.

Molde slo søndag erkerivalane Rosenborg i cupfinalen på Ullevål

Tidlegare i år vart stryningen Per Egil Flo seld frå Sogndal til Molde og med sigeren i dag, er han den første i rekka som kan skryta av å ha kongepokalen etter gullet på søndag.

Godset

NOK EIN FLO: Jostein Flo er no sportsjef i Strømdsgodset.

Foto: Hina Aslam

– Litt juling får han

Jostein har òg spelt cupfinale. Også det var for Molde. Året var 1989 og dei tapte mot Viking. Difor blei det ingen sigerspokal for Jostein den gongen.

– Eg heiar sjølvsagt på Molde når dei spelar sånn som no i dag. Eg var sjølv ein del av laget i tre og eit halvt år. Det var gode og tette forhold i ein liten by og med mindre resursar, men rike onklar, fortel han.

Sjølv om han trur det blir litt juling for Per Egil sin del under neste slektstreff i Stryn, unner han han sigeren i lag med Molde.

– Det var heilt riktig at Per Egil skulle til Molde. Han har hatt ei utruleg fin utvikling som no vil halde fram. No er han svært heldig som får kjenne på den herlege følelsen av å vinne. Når ein spelar fotball er det viktig å vinne opplevingar. Det har han gjort i dag, fastslår Jostein.

Sjølv om Per Egil ikkje var på bana i dag, meiner Jostein han er ein god bidragsytar til laget.

– Han har mykje styrke og er ein lojal spelar.

Jostein meiner Ole Gunnar Solskjær er ein god mann å ha i laget.

– Han har erfart mykje og har ein vinnarkultur utan like, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulrik og Per-Egil Flo i duell

FLO MØTER FLO: Her er Per Egil og Ulrik etter at Per Egil hamna i Moldedrakta tidlegare i år.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Flo-museum

– Kva er det med Flo og fotball?

– Det er rart at vi Flo’era er blitt så gode. Sjølv utan fotballbane i Flobygda. Likevel har jo miljøet i Stryn gjort oss til dei spelarane vi er og har vore. Vi vert jo ausa over med pokalar, seier ein lattermild Jostein Flo.

Han trur kanskje det etter kvart må bli laga eit Flo-museum heime i Stryn til alle saman.

– Eg trur det no finst like mange pokalar som det finst Flo’arar. Eg trur i alle fall ikkje det finst fleire enn 250–300 med det etternamnet.

Jostein trur ikkje det er siste kongepokalen slekta kan skryte av.

– Det kjem nok fleire Flo-spelarar etter kvart. Gje oss fem år, så har vi nok 15–20 kongepokalar, ler han.

Må tape for å vinne

– Når eg tenkjer tilbake på då eg spelte, så er det samhaldet eg hugsar best.
Eg sleit i mange år og fekk aldri ikkje oppleve nokon sigrar. Var alltid nummer to. Det er først no etter eg sjølv slutta å spele at eg har byrja å kjenne vinnarsmaken, seier han.

Søndagens fotballprestasjon av Per Egil sitt lag, Molde tykkjer han er fantastisk.

– Ein er nøydde til å oppleve litt før ein veit kva det vil seie å vinne. Så dei store opplevingane får ein ikkje før ein har tapt mykje for så å vinne. Eg håpar Per Egil kosar seg etter sigeren i dag, seier Jostein.

Og som sportsjef i Strømsgodset fekk han kjenne siger på kroppen tidlegare i haust.

P.S: Sogn og Fjordane fekk i helga seks cupmeistrar. I tillegg til Per Egil Flo, vann også Børre Steenslid og Even Hovland cupen med Molde. Laurdag kunne Stine Pettersen Reinås, Elise Thorsnes og Siri Nordeide Grønli heve trofeet med Stabæk.