Hopp til innhold

Per Audun låg tre kvarter i sjøen etter at båten kantra

NORDFJORD SJUKEHUS (NRK): Snart 84 år gamle Per Audun Maurstad berga så vidt livet då båten kantra under garntrekking. Etter tre kvarter i sjøen kom han seg i land. Då var kroppstemperaturen 34 grader.

Per Audun Maurstad

HELDIG: Armane til Per Audun Maurstad er blå etter å ha klamra seg til båtripa i tre kvarter.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg kom til lands, men då var eg godt ferdig, seier Per Audun Maurstad frå sjukesenga på Eid.

I 19-tida laurdag kantra båten då han skulle trekke opp garn ved Bryggja i Vågsøy.

Saman med 71 år gamle Karl Maurstad hamna han i sjøen. Karl Maurstad kom seg opp att i båten, men Per Audun klarte berre halda seg fast i båtripa.

Det var sterk vind og bølger på sjøen.

Per Audun Maurstad, Maria Lund

Turnuslege Maria Lund tok i mot 84 år gamle Per Audun Maurstad på sjukehuset på Eid.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Uhell

– Vêret var dårleg, og vi lurte på å utsetje det. Men var det fisk i garna, ville den jo blitt øydelagd, så vi valde å reise ut seint på ettermiddagen, fortel Per Audun Maurstad.

– Vi var to mann i ein 15 fots båt. Det er galskap, vedgår han.

Dei hadde trekt opp to garn og skulle til på det tredje, då uhellet skjedde.

– Karl skulle setje stampa føre seg og eg skulle byrje å dra. Då sette eg meg til sida for å få skikkeleg fotfeste. I det eg byrja, glei Karl og datt ned på tofta. Då gjekk det berre sekund og vi låg i sjøen. I sjøen fekk eg kava meg bort til Karl og rope at han måtte løyse ut vesten min.

Per Audun Maurstad

Per Audun Maurstad fortel om dramatiske minutt i sjøen utanfor Bryggja i Vågsøy laurdag kveld.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Redningsvest

Begge hadde vest på seg, noko han trur er éin årsak til at det gjekk bra.

– Var det dramatisk?

– Det var eigentleg det. Karl er ein sterk kar som kom seg opp att i båten. Eg klarte det ikkje. Vi hadde mista den eine åra. Men Karl byrja å padla mot land med den vi hadde igjen.

– Eg låg nok i tre kvarter i sjøen. Men dei første 20 minuttane var eg ikkje kald. Eg hadde godt med klede på meg.

– Båten var heilt full av vatn. Bølgene gjekk over. Det trassigaste var å få sjøsprøyten rett i ansiktet heile tida.

Etter ei lang stund kom Per Audun og Karl seg til land. Ein mann kom til og fortalde at han hadde ringt ambulansen.

Vart svart

På land vart alt svart. Per Audun hugsar ingenting før han var på sjukehuset.

– Det var harde bod. Det kunne gått gale. Vi var nede i 34 grader i kroppstemperatur, begge to. Men vi var godt kledde. Det berga oss.

Per Audun Maurstad

BLÅ: Slik ser venstrearmen til Per Audun Maurstad ut etter dramaet på sjøen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg har aldri vore så nær ved å miste livet, seier 84-åringen.

Han vil takke kompisen Karl Maurstad for innsatsen med ei åre i ein båt full av vatn.

– Og vi hadde aldri klart oss utan redningsvest.