Hopp til innhold

Sonen inspirerte Per-Arne til å læra seg å svømme: – Forskjell på basseng og sjø

Om ein skal vere i nærleiken av sjø, vatn eller elv, bør ein kunne svømme, oppmodar Redningsselskapet. Per-Arne (45) tok grep i vaksen alder.

Per-Arne Hvidsten Larsen held seg fast i bassenget.

KAN SVØMME: – Det er ikkje lenge sidan eg klarte min første 50-meter, og framleis er det krevjande for pusten, seier Per-Arne Hvidsten Larsen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Etter halvanna år og tre nybyrjarkurs på rad, kan Venstre-politikar Per-Arne Hvidtsten Larsen frå Bergen no svømme 50 meter krål utan pause.

– Neste mål er 100 meter i eitt strekk, seier han.

Inspirasjonen fekk han då han såg sonen trene til triatlon.

Ungane kasta seg uredde uti vatnet, og Per-Arne tenkte at han også burde kunne svømme.

– No seier eg at eg kan svømme, men det er framleis berre 50 meter. Så det er sikkert mange som meiner at dette kanskje ikkje er heilt å kunne svømme.

Per-Arne gjekk sjølv ut med at han hadde lært seg å svømme, mellom anna med å skrive eit innlegg i Bergensavisen.

«Stort sett har mitt mål i livet vært å holde hodet over vannet. Stupe uti og flyte med. Leke. Har håndtert det hvis jeg havner på dypt vann.

Nå har noe endret seg. Jeg har lært å svømme.»

Per-Arne Hvidsten Larsen i bassenget.

Larsen fokuserer mykje på pusten når han svømmer.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Viktig å kunne når du er nær vatn

Ein ting er varmt vatn inne. Kald sjø er noko heilt anna.

Redningsselskapet har kurset «Trygg i vann» for tiandeklassingar, der dei får lære seg å meistre det å vere ute i vatn. Dette er det Endre Ytreland i Redningsselskapet som jobbar med, og han møter Per-Arne på kaien.

Der skal Per-Arne få øve seg på kaldt vatn. Og det kan vere lurt.

– Det er ute ulukkene skjer, så det er viktig å ha kjent på kroppen, seier Ytreland.

Endre Ytreland og Per-Arne Hvidsten Larsen før Per-Arne skal svømme i sjøen.

Endre Ytreland (til venstre) skal vere der når Per-Arne skal svømme i sjøen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Runar Ørbog Iversen på Redningsskøyta i Bergen er imponert over Per-Arne.

– Tenk å ta det steget og plutseleg bestemme seg for å lære å svømme. Det er kjempebra. All honnør til han, seier Iversen.

Iversen fortel at det er mykje meir utfordrande å svømme ute i kaldare vatn enn i eit oppvarma basseng. Då må man ha ferdigheitene i orden.

– Viss ein har tenkt å vere ved sjø, ferskvatn eller elvar, er det veldig viktig å kunne svømme. Barn som vaksne, seier Iversen.

– Kan du ikkje svømme, bør du halde deg oppe frå vatnet. Elles er det ganske farleg å forville seg ut i vatnet. Drukningsfaren er veldig stor.

Skipsførar Runar Ørbog Iversen på Redningsskøyta Bergen

Skipsførar Runar Ørbog Iversen på Redningsskøyta Bergen er imponert over Per-Arne som har lært seg å svømme som vaksen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Flest menn druknar

Ifølge ein ny rapport frå Redningsselskapet har det dei siste fem åra, døydd mellom 70 og 90 personar i drukningsulykker i Noreg, kvart år.

Totalt har 416 menneske mista livet slik dei siste fem åra.

Over halvparten av ulykkene skjer i sjø.

Les også Mange eldre blant drukningsofre – Rolf (70) ble reddet opp fra sjøen

Rolf Pettersen og redningsmannen,

Mesteparten av dei som druknar er menn over 40 år.

– Det kan ha ein samanheng med at det er mest mannfolk som er ute med båt. Me ser også at dei er dårlegast til å ha på seg redningsvest når dei er ute og køyrer båt, seier Iversen.

– Greitt å kunne

For Per-Arne har svømmekursa vore ein måte å utfordre seg sjølv på.

Å unngå å drukne har ikkje vore fokus.

Venstre-politikar Per-Arne Hvidsten Larsen i Bergen i bassenget.

Tak for tak har han lært seg krål.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

«Jeg kunne svømme litt fra før. I betydningen «ikke drukne» når jeg hoppet fra stupebrettet og skulle til stigen. Å komme seg målbevisst fremover er en helt annen sak. Vite hva jeg må gjøre, og i verste fall klare å redde meg fra et havari.»

Han har ikkje vore redd for vatn, for han har kunna hoppe frå stupebrettet, svømme tilbake og gå opp stigen.

Men, å svømme langt, det kunne han ikkje.

– Svømming er viktig. Hamnar ein i sjøen, er det greitt å kunne svømme, seier Larsen, som no gjer seg klar for den kalde elddåpen.

Les også Mange druknar i elver – elvereddere får ikkje hjelpe

Elveredning

Tyngre ute

Denne dagen er det 12 grader i lufta i Bergen, det regnar. Med trygge folk rundt, kastar Per-Arne seg uti det.

Han svømmer. I kald sjø.

Per-Arne Hvidsten Larsen blir guida i korleis han pustar i kaldt vatn.

Per-Arne går uti og får vite frå Endre Ytreland at han nok kjenner at han hiv litt etter pusten.

Per-Arne Hvidsten Larsen svømmer krål i sjøen.

Han går for krål. I kald sjø.

Per-Arne Hvidsten Larsen i sjøen.

Han svømmer langt. Med ein frå Redningsselskapet på SUP ved sidan av, er han trygg.

Per-Arne Hvidsten Larsen i sjøen

På veg tilbake kjenner han at sjøen er kald.

– Det var mykje tyngre å svømme. Eg møtte pusteutfordringar mykje fortare, måtte endre litt på kor ofte eg pusta, og måtte konsentrere meg endå meir om å slappe av, seier Per-Arne.

– Eg er litt stolt, eg har ikkje bada i så kaldt vatn før. Det var veldig greitt å vite at det eg har lært inne, det kan eg også bruke ute, seier Per-Arne.

Målet er ikkje triatlon. Ikkje heilt endå. Det blir for lang distanse.

– Eg vurderer sterkt å melde meg på det fjerde nybyrjarkurset.

Per-Arne Hvidsten Larsen

Per-Arne Hvidsten Larsen er stolt over å ha svømt ute.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK