Hopp til innhold

Pepperkakebyen i Bergen størst i verda

Årets pepperkakeby i Bergen er 430 kvadratmeter stor. Det er nok til å kalle seg størst i verda.

Politiet kontrollmål pepperkakebyen

Kontrollmålinga starta klokka 11.00. Det var politiet som kom til Sentralbadet i Bergen. Oppdraget deira var å sjekka om pepperkakebyen verkeleg er størst i verda.

Tidlegare år har pepperkakebyen hatt tilhaldsstad på Torgalmenningen i Bergen sentrum. Men i år vart heile byen flytta til det stengte Sentralbadet eit kort stykke unna.

Konseptet har eksistert sidan 1991 og årets by er dermed den 24. i rekka.

Større enn i fjor

Politiet fekk god hjelp frå mange barn som i dag var på besøk i pepperkakebyen. Saman tok dei fram målebåndet og byrja å kontrollmåle byen.

Etter ti effektive minutt var resultata klare:

  • Årets pepperkakeby har ein storleik på 430 kvadratmeter (i fjor var den på 380 kvadratmeter).
  • Byen har 2.000 bygningar, tog og bilar
  • Det er kring 12.000 menneske som har vore med på å bygga byen.