Hopp til innhold

Pengemaskina til Utvik drukna i gjørme

UTVIK (NRK): Utvik E-verk er fullstendig rasert etter flaumen. E-verket, som i fellesskap er eigd av bygdefolket, har i ei årrekke bidrege med millionar av kroner til utvikling av bygda.

Eit øydelagt Utvik e-verk

PENGEMASKIN: Ei av dei to maskinene som har generert pengar til utvikling av Utvik. No må den bli bytta ut.

Foto: Silje Guddal / NRK

Det er ingen bank i Utvik. Men bygda har på mange måtar hatt ein pengebinge likevel; Utvik Elektrisitetsverk.

– E-verket har vore med å finansiert ting som truleg ikkje hadde blitt starta utan pengane frå e-verket, seier styreleiar Bjørn Otto Hauge.

Overskot frå det felleseigde e-verket har mellom anna blitt brukt på å byggje utleigeleigheiter og huset til kafeen og butikken i bygda og dei har investert i industri for å halde på arbeidsplassar.

Men no er pengemaskina drukna i gjørme.

Storeelva på godt og vondt

Utvik E-verk er eit elvekraftverk som utnyttar eit fall på 185 meter i Storelva. Det var same elva som i mange tiår har bidrege med inntekter til e-verket, som måndag 24. juli raserte pengemaskina.

Utvik e-verk etter flaumen

TOTALSKADD: På eit tidspunkt rann Storeelva over taket på sjølve E-verket. Skadane er store, både på bygg og maskiner.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi må truleg rive både maskin og bygningar og begynne på nytt. Det er ikkje råd å berge noko, seier styreleiaren når NRK er med på synfaring.

Tjukk gjørme ligg langt opp etter veggane, maskina står i sju steinar og inn vindauga kjem det ei blanding av stein, gjørme og bygningsrestar.

Dei to røyrgatene som gjekk til kvar si maskin, ligg slengt som brukne sugerøyr i det gamle elveløpet.

– Eit trist syn

E-verk er som oftast organisert som AS, men i Utvik er eigarskapen organisert som eit samvirke, der bygdefolket sjølve har partar.

Utvikar og mangeårig styreleiar for Sogn og Fjordane Energi Per Kjøllesdal, er full av lovord om den ganske uvanlege organiseringa.

– Ved å gje overskot tilbake til samfunnsnyttige tiltak har e-verket i stor grad vore med på å utvikle sentrum av Utvik, seier Kjøllesdal.

– Det er utruleg trist å sjå e-verket slik det er no. Eg håpar ein maktar å byggje det opp att.

Bra butikk

Hauge trur mellom fem og seks millionar kroner er ført tilbake til sentrum av Utvik sidan tusenårsskifte. I tillegg har dei gitt lån med gunstige renter der det har vore behov.

– Vi er ute etter å få arbeidsplassar til bygda, gjere den attraktivt, så fleire vil flytte til Utvik, seier Hauge om pengebruken.

Bjørn Otto Hauge i Utvik E-verk

STERKE KREFTER: Styreleiar Bjørn Otto Hauge kan ikkje anna enn konstatere at alt er øydelagt av flaumen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Trass i nokre år med låge kraftprisar, legg ikkje Hauge skjul på at det har vore god butikk.

– Vi har vore gjeldfrie, så det er nær netto alt vi får inn.

Flaumen gjorde store skadar. Rett overfor det øydelagde kraftverket står ein halv ballbinge. Meir enn nokon gong treng Utvik eit løft.

– Kva gjer dokke no?

– Eg trur nok at det vert bygd opp att. Det er ikkje noko anna å gjere.