Hopp til innhold

Pengedryss til satsing på reine ferjer

Regjeringa vil løyva 150 millionar kroner til låg- og nullutsleppsferjer i revidert nasjonalbudsjett for i år. – Langt frå nok, meiner pionérfylket med flest klimavenlege ferjer.

Sveinung Rotevatn (V), Linda Hofstad Helleland (H) og Knut Arild Hareide (KrF)

OPNAR PENGESEKKEN: Statsrådane Sveinung Rotevatn (V), Linda Hofstad Helleland (H) og Knut Arild Hareide (KrF) lovar ekstramillionar til fylke med el-ferjer.

Foto: Olav Juven / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er nå mange fylke som satsar klimavenleg med nullutsleppsferjer. Då får dei ein høg ekstrakostnad, og staten ønsker å stilla opp.

Det seier samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF).

I dag presenterte han derfor ein lekkasje frå det som blir regjeringa sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett for 2020.

Der vil dei løyva 150 millionar kroner til innfasing av klimavenlege ferjer.

Protestar

I haust og vinter spreidde det seg eit «ferjeopprør» langs norskekysten, der folk protesterte mot kraftig billettprisauke.

Auken skuldast i hovudsak overgang til Autopass, der prisen per bil vart høgare medan det vart gratis for passasjerar.

Samstundes har fleire fylkeskommunar kravd at staten må kompensera auka kostnadar ved å gå over frå diesel- eller gassdrivne til elektriske ferjer.

Hareide seier dei 150 millionane er eit tiltak for å stagge ferjeopprøret.

– Ja, ferjeprisane har blitt for høge. Til folk som har ferja som einaste alternativ, seier me tydeleg at me ønsker lågare prisar og satsing på dei klimavenlege ferjene.

El-ferje Havyard
Foto: Havyard

Misnøgd

Vestland fylke har vore i front med krav om ferjer utan klimagassutslepp. Mange av fylkesvegferjene der er i dag elektriske eller hybride, og etter planen skal heile flåten vera fornya og klimavenleg i løpet av 2020.

Dette har gitt dei ekstrautgifter på minst 300 millionar kroner årleg.

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland er derfor ikkje nøgd med dagens nyheit frå regjeringa.

– Dette er altfor lite. Den samla løyvinga til fylka er under halvparten av det Vestland treng åleine. Då er konsekvensen at me anten må auka billettprisane eller redusera tilbodet. Det er dessverre realitetane. Regjeringa har høyrd bodskapen vår men ikkje kome oss i møtet.

ferje

PRISAUKE: Den kraftige auken i ferjebillettprisane har fått mange pendlarar til å protestere.

Foto: Eli Bjelland / NRk

Skulderklapp

Hareide svarar at løyvinga er ein del av det regjeringa bidrar med.

– Eg er glad for at me kan legge friske pengar på bordet. Eg forstår at fylka ville hatt meir, men dette er eit godt bidrag. Det eit tydeleg signal, og ein klapp på skuldra til fylka som satsar klimavenleg. Regjeringa ønsker å ta ein del av rekninga deira.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) seier satsinga på el-ferjer er svært viktig for både klimakampen og norske bedrifter og arbeidsplassar:

– Noreg ligg heilt fremst i verda når det gjeld klimavenlege ferjer. Og me skal behalda den konkurransefordelen internasjonalt. På sikt er det realistisk at alle skip kan bli fossilfrie.

Også distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) er stolt over ferjeløyvinga.

– Dette er eit skritt i rett retning. Prisauken folk har opplevd skuldast både overgangen til grøne ferjer og at Autopass ikkje fungerer optimalt. Regjeringa ønsker fleire klimavenlege ferjer, men det må ikkje gå ut over lommeboka til folk, slik at dei ikkje kan bu og arbeida i distrikta.

Kåre Martin Kleppe

TRENG MIDLANE: Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe seier 150 millionar er ein god start, men ikkje nok.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Alt til Vestland

Kåre Martin Kleppe (H) er ordførar i Tysnes, som er landfast men har to ferjesamband i retning Bergen og Haugesund.

– 150 millionar kroner er ein god start. Det vil dekka ein del av ekstrakostnaden fylka har hatt med sjølve elektrifiseringa, men ikkje alle meirkostnadane med å drifta dei nye ferjene.

Han meiner Vestland fortener mesteparten av løyvinga frå regjeringa.

– Ein veldig stor del av dei 150 millionane bør gå til fylket som har leda an med el-ferjer.