Hopp til innhold

Krev fortgang i Myklebustdalen: Pengar på bordet kan løyse striden

Striden mellom grunneigarane og Statnett i Myklebustdalen i Bremanger må ut av rettssystemet. Ei løysing er å legge pengar på bordet, føreslår Jan Atle Stang i NHO.

Myklebustdalen

IKKJE LØYSING I SIKTE: Arbeidet i Myklebustdalen har stått stille sidan juni. Grunneigarane nektar framleis Statnett tilgang til dalen.

Foto: NRK

– Eg meiner at ein her må gjere nokre grep elles vil desse rettsprosessane gå føre seg i årevis. Det er klart at ein del millionar vil bli utbetalt, men Statnett vil likevel tene på det, seier Jan Atle Stang som er regiondirektør i NHO.

Det har stått stille i Myklebustdalen med bygginga av kraftlinja som skal gå mellom Ørskog og Fardal sidan i juni. Grunneigarane og Statnett står mot kvarandre, og Fjordane tingrett er dei einaste som kan få saka vidare.

Jan Atle Stang

PENGAR EI LØYSING: Regiondirektør Jan Atle Stang trur pengar kan vere ei god løysing for å få fortgang i Bremanger.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Nok ei rettssak kan utsette framdrifta

Etter nyttår startar nok ei rettssak som kan forsinke ytterlegare framdrifta. Saka handlar om kor vidt kraftlinja kan gå gjennom Sørdalen i Bremanger.

– Dette er negativt for alle partar, både for Statnett, grunneigarane og for næringslivet generelt. Eg trur ein må gjere noko utradisjonelt for å komme i mål. Ei løysing kan vere å betale ut ein monaleg sum til grunneigarane for å komme vidare, seier Stang

Stang meiner det hastar med å finne ei løysing.

– Samfunnsmessig så er det viktig å komme vidare og næringslivet har stort behov for kraftlinja. Viss ikkje vil dette gå for seint, og få store konsekvensar.

– Også for grunneigarane som ønskjer å bygge ut kraft i området, vil det vere drepen viss dei ikkje er ferdige innan 2020, slik at ein har ikkje meir enn tida og vegen for deira del, seier Stang.

Viktig for småkraftprodusentane

Han understrekar at for småkraftprodusentane er det viktig at kraftlinja snart blir ferdig.

– Mange småkraftprosjekt står på vent i Sogn og Fjordane fordi det ikkje er kapasitet på linjene så mange produsentar sit nok på sidelinja og bit negler i håpar om at det skal komme ei løysing.

– Det er klart at om ein betaler ut nokre millionar til grunneigarane så er det klart at på sikt til Statnett tene stort på det.

– Så det er opp til Statnett no?

– Eg veit ikkje kven det er mest opp til. Partane kunne blitt einige ved ei minneleg løysing og då er økonomi nøkkelen trur eg. Men då må det ei konstruktiv dialog til. Men eg trur ikkje ein kjem utanom at for å få fortgang må ein ut med nokre kroner.

– Pengar er velkommen tilbod

Grunneigarane i Myklebustdalen ville helse ei slik løysing velkommen. Det meiner advokaten deira, Bjørn-Tore Steffensen.

Grunneigarane har heile tida signalisert at viss det kom eit tilbod om å løyse saka basert på eit økonomisk tilbod, så ville dei ikkje vere avvisande til det. Så dersom Statnett ville ta initiativ til noko slikt, ville grunneigarane sette seg ned å lytte til det.

Ifølgje advokaten har ikkje Statnett invitert til noko.

– Eg må jo også seie at vi er noko overraska over at Statnett ikkje har tatt noko slike reelle initiativ til å løyse saka utanfor rettssystemet. Så det har overraska oss litt i prosessen, seier Steffensen

Pengar er ikkje ei løysing

Martha Hagerup Nilson

LIK HANDSAMING: Statnett ved Martha Hagerup Nilson seier det er viktig for Statnett å behandle alle grunneigarane som vert råka av linja likt.

Foto: Statnett

Martha Hagerup Nilson i Statnett seier ein ikkje får ei løysing på problemet sjølv om pengar vert lagt på bordet, fordi dei er ueinige om gyldigheita av konsesjonsvedtaket.

– Ei pengeoverføring for å få grunneigarane til å trekkje søksmålet løyser ikkje spørsmålet om konsesjonsvedtaket er gyldig. Difor er det ikkje eit alternativ for Statnett.

– Når det gjeld erstatning for grunn og rettar som Statnett skal få hand om, er det viktig for Statnett at alle grunneigarar vert behandla likt. Det gjeld både grunneigarane i Myklebustdalen og dei 1500 andre grunneigarane som vert råka av prosjektet.

Hagerup Nilson seier Statnett har utarbeidd ei rammeavtale, eller ei slags prisliste. Det har dei gjort i samarbeid med tillitsmenn som er valde av grunneigarane sjølve og advokatane deira. Avtalen dannar grunnlag for erstatningsbeløp.

– Heller ikkje i spørsmålet om erstatningsfastsettinga er det aktuelt å tilby pengeoverføringar som kompensasjon for andre ting enn den grunn og dei rettar som blir kravd å få hand om, seier Hagerup Nilson.