Peikar på seg sjølv og ber Ap kasta korta
– Det er heilt naturleg at me peikar på oss sjølve. Me er klare til å ta over byrådsmakta.
Det seier Høgres byrådsleiarkandidat Christine Meyer etter å ha vore i samtale med fungerande ordførar Eira Garrido (SV) mandag føremiddag.
– Eg hadde håpa at Bakervik no kasta korta og overlet makta til oss. Eg er sikker på at me skal komma til eit godt grunnlag for eit styringsdyktig byråd, men me kjem til å bruka tid.
Ho seier det står fast at Høgre ikkje ønskar omkamp om Bybanen over Bryggen.